Stine R. Rørvik

Me møter Anri på ein lokal kafe på Bømlo, intervjuet har me prøvt å få til sida juni, men Anri har vore gjennom tøffe behandlingar

for å bli kreftfri, og først no klaffar det.

Møtet

Den unge politikaren er blitt eit kjent ansikt på Bømlo, me ser han ofte staseleg oppkledd med ein velfrisert og kraftig hårmanke når han er ute i politiske ærend. No kjem tuslande inn i kafeen, med sixpence på hovudet. Han tar av seg hatten i det han sklir ned i sofaen.

– Eg har mista håret, då, seier han og stryk handa over den glatte skallen.

– Men det er berre hår, seier han og smiler.

Hebib har gjort og oppnådd ekstremt mykje trass alder. Foto: Stine R. Rørvik
Han er den yngste i kommunestyret og formannskapet og håpar andre unge engasjerar seg i politikken slik at det kjem fleire unge til.
Anri jobbar aktivt for at Bømlo skal vera ein god kommune for alle. Han har særleg engasjert seg i skulesaka, og jobba aktivt for eit godt skuletilbod på øya.
Anri er ekstremt glad for at han har kjæresten Elisabeth Urang. Dei har vore saman i fire år og stått saman om det meste.
Hebib stiller til kommuneval med nytt mot og pågangsmot om to år.

Flykta

Foreldra til Anri kom til Skogbu i slutten av 1993, etter at det braut ut borgarkrig i det som me no kjenner som Kroatia.

For foreldra var det viktig at dei så fort som mogeleg vart inkludert i det nye landet og samfunnet dei no var ein del av.

Dei fekk seg raskt arbeid, vener og var aktive innan ulike organisasjonar. Blant anna spelte far til Anri, Amir Hebib, trekkspel i Bømlo Teaterlag i mange år.

– Dei fekk på ein måte eit nytt liv med nye sjansar då dei kom til Noreg. Det var difor viktig for dei at dei gav noko tilbake til samfunnet, forklarar Anri.

Fort vaksen

Hebib er åleinebarn og tenkjer at det har påverka tankesetta hans. Han trur han vart fortare vaksen.

– Mentalt har eg aldri vore i tenåra, eg har alltid fått høyra at eg er moden for alderen, seier Anri.

No i etterkant synest han nok at barndomen sprang litt fort forbi.

– Det har vore tilfelle eg har følt meg litt for vaksen, mine interesser var til tider litt annleis enn blant vener, forklarar den unge politikaren.

Som ungdom i eit lite samfunn kan ein fort bli oppfatta som sær eller rar om ein har interesser som skil seg ut frå

«normalen», og Anri fekk kjenne på at han var litt åleine om å bry seg om politikk som fjorten, femtenåring.

– Då eg gjekk på ungdomsskulen var det ikkje slik at dei andre vennene mine snakka om politikk, som er heilt forståeleg. På det stadiet kjende eg meg brått veldig gammal samanlikna med mine venner, forklarar Anri.

Han har likevel aldri følt seg som ein utstikkar.

– Eg har alltid hatt mange gode vener og vore aktiv innan fotball og spelte lenge på A-laget til Bremnes og har følt meg inkludert, seier han, nøgd.

Skule i fokus

Skulen har alltid vore viktig for Hebib, heilt frå barneskulen og fram til høgare utdanning har han og foreldra vore opptatt av at han

skal tileigna seg mest mogeleg kunnskap.

– Det var viktig for meg at eg fekk ei god utdanning slik at eg kunne få ein god jobb i framtida, fortel Anri.

Han fortel òg at skule var viktig for han som ung, for han hadde same innstilling som mor og far då det gjaldt å gje noko tilbake til samfunnet og Bømlo.

Han var ein oppmerksam gut på skulen og fekk tidleg plass i elevrådet på barneskulen. Han følgde like godt opp som elevrådsrepresentant på ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Anri vart også medlem av Bømlo ungdomsråd på ungdomsskulen. Der var han medlem dei to første åra og leiar dei to siste.

– Eg har alltid vore engasjert i folk, opptatt av at folk skal ha det bra og gjerne dei svake i samfunnet.

Vegen fram

Det var i ungdomsrådet Anri starta vegen mot politikken. Han fekk større interesse for korleis barn og ungdom hadde det på Bømlo. Det vart viktigare for han at Bømlo var ein god kommune for alle. Ikkje berre dei som interesserte seg for fotball, eller dei som hadde råd til å gå på kulturskule.

Saman med ungdomsrådet starta han ei rekke tiltak for å få i gang arrangement og tilstellingar for dei som kanskje falt litt utanom, eller kom frå familiar med dårleg råd.

Politikar

I ungdomsrådet var han politisk uavhengig, men då han byrja bli for gammal for rådet, starta tankane om å bli medlem av eit politisk parti.

På den tida var Inge Reidar Kallevåg ordførar, og dette var ein mann Hebib såg opp til.

– Han var alltid tilgjengeleg for oss i ungdomsrådet, og han synest at dette med ungdomar var viktig. Det gjorde nok at eg såg på Unge Høgre som ein mogelegheit, forklarar han.

Han merka Høgre lokalt og særleg Unge Høgre nasjonalt, førte ein politikk som han kjende seg igjen i og kunne jobba med vidare.

Han var rundt 17 år no, og han ville samla fleire ungdomar slik at dei fekk vera med å påverka det lokale moderpartiet i kommunestyre og formannskapet og Unge Høgre vart til.

– Me såg at om det var ungdommar frå Bømlo som engasjerte seg i saker, uansett parti, kunne me formidla det vidare til dei med makt, seier han.

Han legger til at det lokale moderpartiet var lette å jobbe med og dei fekk eigen styreplass i Bømlo Høgre, og hadde innverknad i partiet.

Hebib kom til det stadiet at han måtte velja mellom fotball og politikk, og då vart det politikken og høgare utdanning som til slutt vann.

Rett etter vidaregåande flytta han til Bergen for å gå på Høgskulen, men han var mykje på Bømlo, og var svært aktiv politisk på heimstaden.

– Eg hadde ikkje klart skulen utan gode klassekameratar, dei synest det var litt stilig at eg var politisk aktiv og hjelpte meg med notat og tilbakemeldingar då eg ikkje rakk skulen, seier han og ler.

Det siste året på høgskulen får han plutseleg eit uventa tilbod som gjorde at skulegang var litt til sidesett.

Tar over stafettpinnen

År 2015 er det tid for kommuneval. Anri er 20 år, student og aktiv politikar i Unge Høgre. Han driv godt, har markert seg og står fram som ein politikar på veg opp og fram. Plutseleg kom sjokktelefonen. Spørsmålet han fekk var om han ville ta over plassen til sin mentor og førebilete Inge Reidar Kallevåg, som ordførarkandidat for Høgre.

– Det var som å hoppa etter Wirkola, eg forstod det ikkje med ein gong, seier han.

Det er ikkje enkelt for ein 20-åring å stilla som ordførarkandidat, men etter nokre rundar med seg sjølv, familie, vener og kjærast vart svaret ja.

– Eg måtte spørja meg sjølv om dette er noko eg kan klara, er det noko eg vil, har eg motivasjon nok til det? Det er ikkje vits å starta med noko og gje seg midt i for ein manglar motivasjon, forklarar han.

Uerfaren

Hebib hadde inga erfaring frå verken formannskap eller kommunestyret, men det som trigga han var at han ville inn i kommunestyret slik at han fekk høve til og vera ei røyst for ungdomen og for dei sakene han brenner for.

Under valkampen kjente han til tider at ikkje alle tok han seriøst på grunn av den unge alderen og manglande erfaring, til og med innanfor eige parti møtte han motstand.

– Det var ikkje alle som forstod korleis ein 20-åring kunne bli ordførarkandidat, opplyser han. Hebib har likevel inntrykket av at mange av dei som var skeptisk har snudd etter kvart. Han viser til Tysnes med Kåre Martin Kleppe, som blei landets yngste ordførar det valet, og Peder Sjo Slettebø i Kvinnherad, som også er ein relativt ung ordførar, som viser at alder ikkje betyr alt.

Det var dagar han var langt nede under valkampen, og han måtte byggje seg sjølv opp fort for å fortsette. Gje opp var aldri eit alternativ.

Anri vart ikkje ordførar, men han fekk plassen sin i kommunestyret og formannskapet, og mista ikkje motet sjølv om ordførarsetet glapp.

Motivasjon

Anri har heile livet vore ein travel ungdom med mange ballar i lufta, men det at han har mykje på gang, har gjeve han energi. Han har stått over mange tøffe avgjerder trass alder. Alt ansvaret det fører med seg som politikar har av og til vege tungt på dei unge akslene, men han seier at det er verd det om han kan gjera livet betre for nokon.

– Det er utfordringar som triggar meg. Prøve nye ting, setja nye mål og nå dei. Pressa meg sjølv på den måten.

Han trur det at han heile tida går utanfor komfortsona gjev han personleg utvikling,

– På denne måten trur eg også at eg klarar å utvikla meg veldig kjapt. Det har nok hjelpt meg til å komma på det stadiet eg er. At eg er sterk nok i dei ulike fasane eg skal gjennom. Det hjelpte meg då eg fekk kreft. Det var ei ny utfordring eg måtte gjennom. Ein heilt ny utfordring, som eg måtte leva med, seier han.

Livet i Bergen

Når Hebib ikkje jobbar som politikar på Bømlo, bur han i lag med kjærasten Elisabeth Urang i Bergen, og jobbar i Sparebanken Vest.

– Eg hadde ikkje klart meg utan hurtigbåten, seier han og ler.

Framover skal han fortsette som politikar og stiller til kommuneval om to år, om han etter kvart kan tenkje seg inn på fylkestinget og Stortinget, svarar han litt forsiktig på.

– Det har alltid vore interessant å komma seg vidare i livet, ja, men det skal mykje til, men eg likar jo utfordringar. Viss partiet ønskjer å nominera meg, er eg sjølvsagt open for det.

På spørsmålet om han kan tenkje seg å bli statsminister, svarar han litt vagt at han ikkje veit. Han legger til

at det lov med draumar, men at det er mange om beinet til den stillinga.

– Eg har ikkje tenkt så langt fram. Eg set meg kortsiktige mål, først og framst. Det er det som skjer no som er viktig.

Det som endra alt

Den allsidige og travle guten fekk plutseleg ein beskjed som endra kvardagen totalt. Anri hadde kjent på smerter i eine testikkelen, men var sikker på at det berre var ein betennelse, kreft var han for ung til å få.

Så var det ein kollega som fortalde om ein han visste om som var russ då han fekk testikkelkreft, og Hebib bestemte seg for å sjekka.

Hos legen fekk Anri beskjed om at det nok berre var ein betennelse. Ingenting tyda på kreft. Han vert likevel sendt vidare til akutten på Haukeland sjukehus, for vidare kartlegging. På akutten trur dei ved første augnekast at det dreia seg om ein betennelse, men dei tar ingen sjansar og sender han vidare til ein overlege. Det var no blitt seint på kvelden. Overlegen undersøkjer han og kan fort konstatere at det er ein klump.

– Eg fekk ein rask beskjed om at eg vert sett på eit pakkegang for kreft.

Det var ein tung beskjed for Hebib, sjølv om det måtte fleire undersøkingar til før dei var 100 prosent sikkert at det var kreft.

Han fekk time til ultralyd dagen etter, men dei klarte ikkje sjå kva det var. Legane bestemte då at det var best å operere vekk den eine testikkelen, sjølv om dei ikkje var sikker på kva klumpen var. Han vart operert to veker seinare og klumpen var sendt til analyse.

Det viste seg at det var testikkelkreft, den mest hissige sorten.

– Eg klarte aldri krisemaksimera det at eg hadde kreft, men den dagen eg fekk beskjeden, var svært tøff. Då grein eg for første gang på mange år, forklarar han.

Vanskeleg tid

No måtte han leggje alt anna vekk og fokusera på cellegiftbehandlinga som venta han. Noko som vart ei utfordring.

– Eg har aldri klart å stoppa opp og berre fokusera på ein ting, seier han og ler.

På grunn av at dei oppdaga svulsten tidleg, måtte han ha ein runde med cellegift. Då sat han åtte timar kvar dag i fem dagar og fekk sprøyta cellegifta inn i blodet. Fire dagar etter denne kuren var utført, sa alt stopp for Anri.

– Det er ufatteleg vanskeleg å beskriva korleis det var, og eg ønskjer ikkje at noko skal oppleve det same, seier han.

Han kom seg etter kvart, men då han skulle inn for eit par små-dosar til med cellegift, vart han sjuk og lagt inn på isolat i fem dagar.

– Eg hadde bokstavleg talt ikkje noko immunforsvar, forklarar han.

Anri kom seg over kneika igjen, og han var tilbake på jobb og som politikar to veker etter avsluttande behandling.

– Eg har kanskje køyrt meg litt hardt og eg kjenner litt på etterverknadar no, men eg har aldri klart å vera i ro, seier han.

Han slit no med at han er svimmel og har tinnitus for å nemna noko.

Anri er kommen styrkja ut av kreften og seier kreften har endra han som politikar og privatperson.

– Eg er nok der at eg må tenkja litt meir på meg sjølv, oppleva meir og ikkje berre sitja bak eit skrivebord frå morgon til kveld på jobb.

Etter ein får den beskjeden at no er det du som skal kjempa mellom liv og død vert notid viktigare, forklarar han.

No skal Anri og kjærasten snart to veker til Kroatia, der han skal besøka familie og lada batteria før han igjen kjempar seg fram i lokalpolitikken frå hausten av.