Kort oppsummert

  • Havbruksnæringa ynskjer meir fleksibilitet i akvakulturområde for prosjekt som kan auke berekraft og effektive skaleringsmoglegheiter.

  • Næringa bed kommunen om å behalde dei gamle områda som er regulerte til akvakulturområdet frå tidlegare KPA.

  • Næringa bed kommunen jobbe aktivt med revideringa av ny kystsoneplan og inkludere kompetanse frå lokal havbruksnæring.

Oppsummeringa er laga av AI-verktøyet ChatGPT og kvalitetssikra av journalistane våre

Det er Bømlo Næringsråd som saman med medlemsbedrifter innan havbruksnæringa har gått gjennom KPA-en som no ligg ute til høyring.

I høyringssvaret rosar næringa kommunen for ein god plan, men kjem samstundes med innspel som går på å få store nok areal til god nok fleksibilitet i berekraftig drift, til ned- og oppskaleringar, og til framtidige driftsformer.

Vil ha plass til berekraftige prosjekt

– Me bed difor at det i føresegnene til KPA-en, i kapittel 3.5.3, Akvakultur, vert lagt inn eit punkt som opnar for fleksibilitet i akvakulturområdet for prosjekt som har til formål å auke berekraft og fiskevelferd i havbruket, og effektive skaleringsmoglegheiter i akvakulturområda der ein får løyve til å auke produksjon. Dette vil vere i tråd med regional kystsoneplan, som skriv at «I arealplanlegginga bør det difor vurderast behov for fleksibilitet, framtidig behov og justering av eksisterande anlegg. For å redusere behov for dispensasjon, bør sjøområda for akvakultur difor vere av ein viss storleik, skriv dei mellom anna i høyringssvaret.

Vil ha dei gamle områda med vidare i ny KPA

Næringa bed også kommunen om ikkje å fjerne område som er regulerte til akvakulturområde frå den gamle KPA-en.

– At næringsareal for oppdrett i sjø er regulert og tilgjengeleg, vil gjere oss attraktive for ny næringsverksemd innan havbruket. Arealet kan til dømes brukast til uttesting av ny teknologi i mindre skala, andre artar eller integrert havbruk, eller for konsolidering med andre område, for å oppnå større areal, skriv dei.

Bed kommunen jobbe aktivt med ny kystsoneplan

Dei bed også kommunen om å ta aktivt del i revideringa av den nye kystsoneplanen, ved å arbeide for at den vert revidert på ny kunnskap, og sikrar at arbeidet inkluderer kompetanse og erfaring frå lokal havbruksnæring.

– Det er også viktig at Bømlo kommune tek initiativ til å starte opp arbeid med samordna revidering av kommuneplanen sin arealdel, saman med kommunar i tilstøytane sjøområde, skriv dei til slutt i høyringssvaret sitt.