Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Frå september til november gjekk industriomsetnaden ned med 0,5 prosent sett opp mot den førre perioden på tre månader. Det var metallindustri og næringsmiddelindustri som trekte den samla omsetnaden i industrien ned med ein nedgang på høvesvis 4,2 og 1,2 prosent. Oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri var dei som bidrog i størst grad til å dempa nedgangen og hadde ein oppgang op 9 prosent.

I eurosona såg ein nedgang på 0,2 prosent frå september til oktober i fjor. Industriomsetnaden i Noreg gjekk ned 0,7 i same periode. Elles gjekk han ned med 3 prosent i Danmark og opp 2,8 prosent i Sverige.

(©NPK)