Driftssjef Stig Louis Myklevold seier det må gjennomførast utskifting av ein del utstyr i bussane etter hærverket, men bussane går likevel som normalt i morgon.

Meldinga kom inn til politiet like etter klokka 15 i ettermiddag. Politiet skal no gjennomføre tekniske undersøkingar, men ber om at dei som kan ha sett noko utanom det vanlege i dette området tek kontakt og tipsar politiet på telefon 02800.

Driftssjef i Nobina Norge AS - avdeling Sunnhordland, Stig Louis Myklevold, fortel at uvedkomande har teke seg inn i dei sju Mercedes-bussane i løpet av natt til sundag. Ein drosjesjåfør skal ha oppdaga lys på parkeringsplassen i Hollundskjosen i 03-tida denne natta, og det kan vere nærliggjande å tru at det var då brotsverket skjedde. Myklevold syner fram billettautomaten i den eine bussen som er fullstendig ramponert (teksten held fram under biletet).

Skjermane på billettmaskinane i tre bussar har fått stygge riper i displayet.

Kostbart skadeverk

I tre av dei andre bussane har displayet på billettautomatane fått stygge riper. To telefonar er røska ut av holdarane sine og er fjerna, men Myklevold fortel at det i praksis berre er telefonrøyrene med tastatur og display dei har fått med seg. Sjølve telefonen er montert ein annan stad i bussane. Telefonane som tjuvane har fått med seg er difor heilt ubrukelege. Bortsett frå dette er det ikkje gjort skadeverk på interiøret i bussane, men skadeverket er likevel kostbart å reparere (teksten held fram under biletet).

Innbrotstjuvane trudde gjerne at dei fekk med seg telefonar, men dei er heilt ubrukelege.

– Om ein finn ut kven som har gjort dette får dei ei stor rekning. Eg vil tru det kan vere snakk om skadeverk for 50-60.000 kroner. I tillegg er det fleire av oss i busselskapet som har måtte møte på jobb på ein sundag. Eg trur dette må vere snakk om gutestrekar. Dei som er på jakt etter verdiar for vinnings skuld veit at det ikkje er noko av verdi inni ein parkert buss. Her er berre utstyr som er av verdi for bussjåførane. Du kan godt få med at bussane vil gå som normalt på måndag, seier Myklevold. Tilhøva blir politimelde. Les meir i avisa tysdag.