Fekk opne legesenteret: Berit Laila Ersland slutta i stillinga si på legekontoret på Moster for tre år sidan etter 45 år som sjukepleiar. Måndag fekk ho æra av å opne det nye legesenteret, og kva passa vel då betre enn å bruke skalpell på det raude bandet? Dei to som heldt bandet var sjukepleiar Ingeborg Risøy Sortland (til venstre) og lege Torhild Ingeborg Taraldsøy. Foto: Håvard Hammarstrøm

Ersland opna Moster legesenter med skalpell

Berit Laila Ersland fekk æra av å klippe snora med skalpell då nye Moster legesenter vart offisielt opna måndag denne veka. - Dette er fantastisk! Kjempeflott!