Stord sjukehus: Arkivfoto. Foto: Ingvild Sjo

Ingen koronapasientar på Stord sjukehus

Onsdag er det ingen pasientar med påvist covid-19 innlagde på Stord sjukehus.

Det melder Helse Fonna. Fram til tysdag denne veka var det ein person innlagt på sjukehuset, men i dag er det altså ingen pasientar med covid-19 innlagde her.

Totalt er det no sju pasientar med covid-19 innlagde på sjukehus i Helse Fonna. Alle er innlagde på Haugesund sjukehus. Av desse får to pasientar intensivbehandling. Begge er i aldersgruppa 18–64 år.

Hittil er to pasientar i Helse Fonna døde av virussjukdomen.

22 av rundt 4.000 medarbeidarar i helseføretaket er i koronarelatert fråvær pr. i dag, onsdag.

Les også
Nytt smittetilfelle på Bømlo