KLARE ETTER PÅSKE: Lite testing for tida, men etter påske vert det mykje testing, til dømes massetesting av elevar i vidaregåande skule. Foto: Ingvild Sjo

Ingen nye smitta - ingen nye testa

Bømlo kommune med kort oppsummering på koronastatus i dag, måndag.

1. og 2. påskedag er ingen nye tilfelle av covid-19 meldt, opplyser Bømlo kommune. Det er godt nytt etter alle testane som har vore tekne.

– Det er heller ikkje meldt om prøvesvar med påvist smitte av dei som vart testa tidlegare i påska, opplyser kommunelegen.

Les også
24 testar tekne i dag, laurdag

Forskrifta om smitteråd som vart vedtekne av Bømlo kommunestyre før påske skal gjelda til og med 9. april. Me repeterer her:

Forskrifta seier, i grove trekk:

Tal på personar som kan vera samla innandørs er inntil 10.

Tal personar som kan vera samla utandørs er inntil 20.

Gravferd og bisetjing inntil 50 personar.

Påbod om heimekontor så langt det er mogeleg.

Skjenkestopp.

Ulovleg å organisera idrettsaktivitetar m.v. innandørs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Treningssenter, symjehallar, kulturhus, bedehus i hovudsak stengd, men med nokre unnatak som til dømes rehabilitering og opptrening for einskilde.

Bruk av munnbind for personar over 12 år der ein-metersregelen ikkje kan haldast.

Unngå reise mellom kommunane om det ikkje er naudsynt.

Strange nasjonale råd inntil nye råd vert gjevne, er to meters avstand, og færrast mogeleg besøk, gjerne unngå besøk av meir enn to personar i eigen heim, men her rår regjeringa til at ein først og fremst følgjer lokale råd.

Ein ny i Haugesund i dag, måndag

Haugesund kommune hadde før påske smittesituasjon utan kontroll. I dag melder kommunen om eitt nytt tilelle, det 589. tilfellet med covid-19 sidan nyttår.

Det er ikkje innreiseforbod i Haugesund, men Regjeringa tilrår at ein unngår unødvendige reiser innanlands.

I følgje VG er det per i dag 8 pasientar innlagd ved Haugesund sjukehus som får behandling mot covid-19.

Les også
Ikkje kontroll på smitteutbrot i Haugesund