Berre negative prøvesvar: Måndag opplyser Bømlo kommune om at ingen har testa positivt, av dei 24 personane som er testa i samband med smitten Bømlo bu og helsesenter. Foto: Carina Wangensten/Ill.foto

Ingen positive prøvesvar så langt

I helga vart 24 personar knytt til Bømlo bu og helsesenter testa for korona. Måndag opplyser kommunen at alle prøvesvara er negative.

– Det er ikkje snakk om eit smitteutbrot på Bømlo etter at ein praksiselev ved Bømlo bu og helsesenter (BBH) testa positivt for Covid19 på fredag, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø til Bømlo kommune.

Alle 24 personane er testa og sett i karantene

– Og gjeld den eine etasjen ved institusjonen, opplyser kommunen.

Besøksforbodet gjeld difor ikkje lenger, men kommunen vil skjerpa besøkskontrollen.

– Inntil vidare vert det heller ikkje teke imot praksiselevar til institusjonane våre, seier Follesø.

Testing: Teststasjonen ved gamle Bremnes ungdomskule. Foto: Bømlo kommune, Simon Knutsson Sortland
Les også
Besøksforbod innført på Bømlo bu- og helsesenter etter påvist tilfelle av covid-19

Stor pågang

Søndag hadde Bømlo utvida opningstid på koronatelefonen. Det var stor pågang, og dei som vart vurdert å måtta testa seg blir testa i dag, skriv kommunen vidare.

Smittevernlegen held fast med oppmodinga ho kom med før helga.

– Avgrens sosial aktivitet, hald deg heime ved symptom, ha låg terskel for å kontakta koronatelefonen, hald avstand og ha god handhygiene, skriv kommunen.

Les også
Ber ungdom halde seg heime