Inviterer til folkefest: Dagleg leiar Anne Johannessen i Bømlo frivilligsentral fortel at det mellom anna vil bli skipa til rullatorløp på Moster når sykkelstafetten kjem til Bømlo. Foto: Håvard Hammarstrøm

Inviterer til folkefest med rullatorløp for å feira frivilligåret

Frivilligsentralane i Noreg arrangerer sykkeltur på kryss og tvers landet rundt for å markere frivilligåret 2022. Sykkelstafetten kjem i sommar til Moster, og Bømlo frivilligsentral inviterer til folkefest og rullatorløp med deltakarar frå Bømlo og Fitjar.

– Sykkelturen startar på Nordkapp 21. mai og endar opp i Arendalsuka 15. august. I løpet av denne tida skal dei innom alle fylke, så sykkelturen går ikkje strake vegen. Sykkelturen blir skipa til for å syne fram alt det flotte frivillige arbeidet som skjer i heile landet, forklarer dagleg leiar Anne Johannessen i Bømlo frivilligsentral.

Til saman reknar ein med at det har blitt sykla rundt 2.270 kilometer frå starten på Nordkapp til målgang i Arendal.

Legg turen innom Bømlo

Det er seks «sykkeldrosjer» som reiser landet rundt. Det vil seie at dette er litt spesielle syklar som har plass til passasjerar framme, og på kvar plass syklane kjem til er det nye syklistar og nye passasjerar som stiller opp på sin etappe.

Det blir dermed snakk om ein slags «sykkelstafett», og om ettermiddagen 28. juni kjem altså dei seks syklane til Bømlo og Gassasundet. Dei kjem då frå Kvinnherad, der dei skal vere tidlegare på dagen. I Gassasundet står røynde «Team Rynkeby»-syklistar klare til å sykle etappen mellom Gassasundet og Mosterhamn.

På syklane er det altså plass til passasjerar, og Johannessen seier det gjerne kan vera eldre som får seg ein sykkeltur. «Team Rynkeby» er som kjent ein innsamlingsaksjon, men i denne samanhengen er syklistane berre med for å bidra til feiring av det frivillige Noreg.

– Me håper at det langs vegen mellom Gassasundet og Moster er mykje folk som er ute og heiar dei fram, og at det til dømes blir laga til generasjonsaktivitetar og leikar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folkefest på Moster

Johannessen håper på at dagen blir ei flott markeringa av alt det spennande frivillige arbeidet som skjer på Bømlo, og at det blir ein folkefest på Moster.

– Eg jobba lenge for at sykkelturen skulle komma hit, og fekk dei altså til å vitje Moster. Me kunne sjølvsagt vore kor som helst på øya, men staden vart vald av di det her er mykje å visa fram. Moster Amfi er ein fantastisk plass, du har steinparken, geoparken, den nye kalkomnen, «Hekseringen» har øving, og i gruveparken er det lagt ned ein kjempedugnad for å gjera det skikkeleg fint.

– Og Moster gamle kyrkje?

– Ja, alt dette, svarer Johannessen. Ho legg til at det på Moster også er god plass til ei stormarkering med mange vitjande. Moster Amfi har alt takka ja til å opne dørene.

– Det hadde jo vore fantastisk å få eit kor til å syngje frå scenen.

Håper på fleire deltakarar

Så langt er det ikkje landa ei avtale med eit kor, eller andre musikalske innslag, men nokre frivillige lag og organisasjonar har alt sagt seg villige til å stille opp. Det gjeld AMCAR Bømlo, Moster idrettslag, Moster grendautval, Bømlo Røde Kors og MC-klubben for ungdom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Johannessen seier ho håper mange fleire lag, organisasjonar og frivillige elles frå heile kommunen melder si interesse for å bli med på folkefesten. Her har Bømlo frivilligsentral ein koordinerande rolle, og Johannessen seier dei som vil delta kan kontakte frivilligsentralen. Ved å planleggje kor dei ulike laga skal vera på Moster, kan alle bli presenterte på ein god måte, poengterer ho.

– Dette er jo for å syna fram det frivillige arbeidet. Eg håper difor at fleire tek kontakt og seier at ja, dette vil me vera med på og bidra. Det er jo ingenting i vegen for at det skal komma folk frå Langevåg, frå Espevær og Brandasund. Dette er for heile Bømlo. Det er masse plass til å laga til ting på Moster. Eg håper folk stiller opp og tykkjer at dette er kjempekjekt! Det er ein unik sjanse til å syne seg fram og syne kva me har, om det er turlag eller kor. Alt mogeleg. Her kan ein marknadsføre seg og få nye medlemmar.

Fitjar mot Bømlo i rullatorløp

I samband med markeringane vil dei eldre spele ei sentral rolle.

– Det vil komma buss frå Fitjar med bebuarar frå sjukeheimen der til Moster, og Bømlo bu- og helsesenter stadfestar at det også stiller bebuarar frå Bømlo. Så blir det skipa til rullatorløp på Moster. Så deltakarane på denne dagen blir frå dei yngste til dei eldste. Målet er at dette blir ein kjempekjekk dag på tvers av generasjonane.

Etter det Johannessen har fått vite har gjestane frå Fitjar eit lite håp om at ordføraren deira kan hende blir med på turen til Bømlo.

– Så fitjarbuane tente på dette?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, me har snakka om dette i nettverket som frivilligsentralane i Sunnhordland har. Me vart samde om at uansett kva kommune som fekk vitjing, så ville me «backe» kvarandre opp.

– Så då kjem det kan hende stordabuar også?

– Ja, det kan godt hende. Ho tente litt på dette ho på Austevoll også, så det kan henda at rullatorløpet blir større enn berre Bømlo og Fitjar. For dei eldre som får ein tur blir dette kjempekjekt. Me får berre sjå.

Attmed gamlekyrkja

– Kor tenkjer de at rullatorløpet skal gå?

– Me har snakka om det, for det må jo vera litt flatt. Me har snakka om det gjerne er mogeleg å stogge trafikken litt og ha det attmed Moster gamle kyrkje, for der er det ganske flatt. Der er det også litt plass på begge sider til publikum som heiar, seier ho.

Bømlo-nytt har tidlegare fortald om syklane som er plasserte ut på sjukeheimane i kommunen, og som gjer at bebuarane kan sykle og sjå sykkelruta på ein TV-skjerm framfor seg. Her er mellom anna lagt inn tre lokale sykkelruter, deriblant ein på Moster. Bebuarane som ikkje blir med til Moster håper Johannessen at får eit alternativt opplegg.

– Her tenkjer eg at bebuarane også kan få vera med på den kjekke reisa. Eg kjem til å oppmode sjukeheimane til å lage til markeringar for bebuarane, seier ho, og legg til:

– Eg gler meg verkeleg til den dagen. Me er skikkeleg klare! Me veit jo kor mange lag og organisasjonar me har på Bømlo. Det er utruleg mykje som rører seg. Når me no er i frivilligåret er det viktig at det frivillige verkeleg blir synt fram. Det er spennande å høyra kva dei finn på i andre kommunar langs sykkelruta også. Sykkelturen har blitt større enn dei trudde på førehand, for det er så mange som har hivd seg på med eigne opplegg.

Mer aktivitet - Mer glede from Norges Frivilligsentraler on Vimeo.

Les også
Hadde ein fantastisk start på sykkel-VM for seniorane
Les også
Dei syklar ut i den store verda gjennom tv-skjermen