Jordskjelv: Den lyseblå prikken syner senteret for jordskjelvet fredag morgon. Skjermdump frå Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk. Foto: Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk

Jordskjelv ved Austevoll

Fredag morgon vart det registrert jordskjelv med senter ved Austevoll. Skjelvet hadde ein styrke på 2,7 på Richters skala.

Jordskjelvet kunne også merkast her på Bømlo, og lokalavisa fekk tips om skjelvet. Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk opplyser at skjelvet vart registrert klokka 07:06:41 på 14,5 kilometers djupne. Registreringa blir gjort slik at reelt tidspunkt etter norsk tid var klokka 08:06. Bergens Tidende skriv at skjelvet naturleg nok kunne merkast godt i Austevoll. Overingeniør Berit Marie Storheim ved Institutt for geovitenskap på Universitetet i Bergen seier til BT at det vanlegvis er skjelv i Noreg med styrke på 3,5 og nedover.

– Dei som har følt jordskjelvet kan fylla ut eit spørjeskjema på sida skjelv.no under Følt Jordskjelv, oppmodar NNSN. I oversikta kan me også sjå at det julaften var eit mindre skjelv med styrke 1,0 sør-vest for Rolvsnes og eitt med styrke 1,2 ved Øklandsvågen 6. januar.