Fotoprisvinnaren: Henrik Mundal Andrassen i avisa Sunnhordland fekk fotoprisen for biletet han tok av minneseremonien etter dødsulukka på Stordabrua. Foto: Ine Rossebø Knudsen/Haugesunds Avis

Journalistprisar til TVH, Sunnhordland og Haugesunds Avis

TV Haugaland, Sunnhordland og Haugesunds Avis vart tildelt journalistprisar under Vinterkonferansen 2020 i regi av Haugesund Journalistlag (HJ).

Fotojournalist Henrik Mundal Andreassen i avisa Sunnhordland fekk årets fotopris for biletet «Døden på Stordabrua». I pressemeldinga frå HJ står det å lesa at biletet vart teke etter den tragiske dødsulukka på Stordabrua i desember, da kollegaene til den omkomne var samla til ei minnestund på brua.

Juryen skriv om biletet at det er «Eit bilete som gjer ord overflødige. Her har fotografen formidla ei tragisk og trist hending på ein god og respektfull måte. Sjølv om ein ikkje kan sjå dei sørgjande sine andlet, fortel positurar og stemning mykje. Regnet, mørkret og gatelysene understrekar stemninga. Ved å ikkje verta for konkret, har fotografen lukkast i å løfta biletet opp på eit nivå som kan formidla ikkje berre denne hendinga, men også kan verta eit bilete på sorg generelt. Fotografen har teke gode valg i korleis han har formidla ei vond stund som har prega både involverte og eit lokalsamfunn».

Døden på Stordabrua: Her er biletet som vann prisen for årets foto under Vinterkonferansen. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Vann pris for dekking av drapssak

Journalistprisen i kategori avis fekk Haugesunds Avis-journalistane Tone Lütcherath, John Arne Bauge og Einar Tho, for artikkelkomplekset «Øksedrap i psykiatrien». Utgangspunktet for artikkelserien var ei tragisk drapssak. Juryen bestod av Elise Asbjørnsen (vaktsjef NRK Nyheter), Jens Kihl (kommentator Bergens Tidende/leder Bergen journalistlag) og Kari Stautland (seniorrådgjevar i avd. for kommunikasjon og samfunnskontakt i Sjøfartsdirektoratet)

Journalistpris avis: Trine Styve Varlo tok imot journalistprisen på vegner av Haugesunds Avis i kategorien avis, for artikkelkomplekset «Øksedrap i psykiatrien». Foto: Henrik Mundal Andreassen

I grunngjevinga frå juryen står det at: «Krimsaker er nokre av dei viktigaste hendingane for ei lokalavis. Etiske problemstillingar står i kø, samstundes som informasjonsbehovet i lokalsamfunnet er stort. Årets vinnar balanserer desse spørsmåla på ein god og overtydande måte. I tillegg har vinnaren gjennom god og engasjerande journalistikk komme tett på heilt ulike menneskeskjebnar i ei tragisk drapssak. Det er likevel ei anna side ved vinnarbidraget som er endå viktigare: Evna til å ta tak i ei alvorleg sak og løfte henne til ein større samfunnsdebatt. Denne gongen har vinnarane klart å skape ordskifte om korleis vi handterer dei aller farlegaste tilfella av psykisk sjukdom i samfunnet. Samstundes har arbeidet vist ei imponerande evne til å drøfte openheit i eit felt der det ofte er mangelvare. Klage på innsynsavslag, kronikk mot statsrådar som ikkje vil svare og eit omfattande kjeldearbeid gjer artikkelkomplekset «Øksedrap i psykiatrien» til ein verdig vinnar av Haugesund Journalistlags pris for god journalistikk i kategorien avis».

Stjernehimmel: Ansvarlig redaktør Karen Hesseberg tok imot journalistprisen til TV Haugaland på vegner av Eivind Jul Wibe Fiksdal. Foto: Henrik Mundal Andreassen

TV Haugaland vann lyd og levande bilete

I kategorien lyd og levande bilete gjekk Journalistprisen til Eivind Jul Wibe Fiksdal og TV Haugaland for «Stjernehimmel». Juryen, som bestod av Asbjørn Leirvåg (UiB) og Kjetil H. Dale (TV 2), skriv i si grunngjeving at:

«I år var vi aldri i tvil. Kvaliteten er skyhøy. Her er en god idé utviklet til et spennende tv-produkt med en tydelig bevissthet for alt fra dramaturgiske prinsipper til etiske fallgruver. Tv-serien beveger seg naturlig mellom livets alvor og fremtidens uendelige potensiale. Vi lærer at alle kan ha drømmer, alle har rett til drømmer og alle kan følge drømmene sine. Historien vi blir fortalt går rett til hjertet på juryen. Og vi lar oss imponere av prisvinneren som behersker regi, foto, etterarbeid, komposisjon, instrumenter og sang - alt i samme programserie».

Heiderlege omtalar

I pressemeldinga blir det også fortald at det vart gitt heiderleg omtale til andre bidrag i konkurransen. I kategorien lyd og levande bilete fekk Marthe Johannessen (NRK) heiderleg omtale for fire radioreportasjar om grønare julefeiring, medan Marius Knutsen og Ståle Eskeland i Sunnhordland fekk heiderleg omtale for serien «På tur i bilar med sjel».

Godt portrett: Grethe Nygaard i Haugesunds Avis fekk heiderleg omtale for dette portrettfotoet av Kolbein Falkeid. Foto: Grethe Nygaard/Haugesunds Avis

I kategorien foto fekk Grethe Nygaard i Haugesunds Avis heiderleg omtale for «Portrett av Kolbein Falkeid». Sameleis fekk også hennar kollega Elisiv Hauge Nilsen heiderleg omtale for biletet «1-2-3 og uti!».

Heiderleg omtale: Elisiv Hauge Nilsen fekk heiderleg omtale for biletet «1-2-3 og uti!». Foto: Elisiv Hauge Nilsen/Haugesunds Avis

I kategorien avis fekk Jonas Sætre i Stord 24 heiderleg omtale for artikkelserien «Erstatningskampen», og juryen skriv:

«Noko av det viktigaste journalistar kan gjere, er å løfte fram sakene til dei som har falle mellom alle stolar i samfunnet. Dette bidraget går opp forteljinga om ein øydelagt barndom på ein sterk og medrivande måte. Samstundes viser artiklane korleis det offentlege har svikta der dei skulle ha stilt opp som aller mest. Tekstane er engasjerande og gjennomgåande prega av godt, etisk handverk. Eit breitt kjeldetilfang, både skriftleg og munnleg, løftar sakene. Det same gjer oppfølgingssakene med kommunen».

Artikkelen held fram under annonsen.

Karen Anna Kleppe og Trude Aarsand i Kvinnheringen fekk også heiderleg omtale i kategori avis for «I kamp for klima». Her skriv juryen at:

«Det er mange gode saker av dei innsendte bidraga i år, men ikkje mange som dyrkar den politiske journalistikken. Derfor er det gledeleg at eit av dei aller beste bidraga er nettopp i denne kategorien. Sviktande økonomiske føresetnader, ein samarbeidskultur prega av tunge konfliktar og rå maktkamp, og ein rådmann som mista tilliten frå kommunestyret. Denne saka nøstar opp ei krevjande og betent historie i lokalsamfunnet, og gjer det utan å førehandsdømme eller ta den eine partens side. Det er ekstra gledeleg at serien er laga i samarbeid med Senter for undersøkende journalistikk. Det viser at graving ikkje berre er noko for dei store avisene».