annonse

Kan ha utsleppsfrie snøggbåtar frå 2023

Urban Water Shuttle
Urban Water Shuttle: er ein heilelektrisk hurtigbåt utvikla av selskap i NCE Maritime CleanTech; Wärtsilä, Fjellstrand, Servogear, Grenland Energy, CFD Marine og Hydro Extrusion. (Foto: )
ZeFF
ZeFF: Zero Emission Fast Ferry (ZEFF) er ein av dei utsleppsfrie hurtigbåtane som er under utvikling. Båten blir utvikla for både batteri- og hydrogendrift. Konsortiet er leia av Selfa Arctic, som utviklar fartøyet saman med Norled, Servogear, LMG Marin og Hyon. (Foto: )

Industrien meiner alle snøggbåtruter kan vera utsleppsfrie frå 2023, og ber fylkeskommunane stille klare miljøkrav når 75 snøggbåtanbod blir sende ut dei neste åra.

Håvard Hammarstrøm

Det skriv NCE Maritime CleanTech, Selfa Arctic, Rødne Fjord Cruise, Fjellstrand og eit konsortium under leiing av Brødrene Aa i ei felles pressemelding. NCE Maritime CleanTech deltek på Arendalsuka, og utforming av snøggbåtanbod kjem til å vera eit sentralt tema under deira debattar, heiter det.

Teknologien blir klar

Desse fem har jobba med ei felles uttale om utvikling av utsleppsfrie hurtigbåtar.

– I utsegna, som er sendt til fylkeskommunane, melder industriaktørane at dei vil vera klare for å gjera alle hurtigbåtruter utsleppsfrie innan 2023, heiter det.

Mellom 2019 og 2026 skal det lysast ut rundt 75 snøggbåtanbod langs noregskysten. Utforming av anbod vil ha svært mykje å seie for norske klimagassutslepp, teknologiutviklinga og norske arbeidsplassar, heiter det.

– Noreg har ein ambisjon om halvera utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030. Snøggbåtar er blant transportsegmenta med høgast utslepp pr. passasjerkilometer, og innføringa av ny grøn teknologi gir eit betydeleg potensial for utsleppskutt. Me er i ferd med å gjennomføre eit totalskifte i ferjesektoren, og no står snøggbåtane for tur, seier dagleg leiar i næringsklyngja NCE Maritime CleanTech, Hege Økland i pressemeldinga.

Tydeleg politikk

– For ruter som kan køyrast på batteri, er teknologien tilgjengeleg i dag. For lengre og meir energikrevjande ruter vil me vera klare for introduksjon av hydrogenfartøy seinast i 2023, seier administrerande direktør Tor Øyvin Aa i Brødrene Aa.

Han meiner alle anbod som blir lyste ut framover må stilla krav til nullutsleppsteknologi. Dette kan også gje ein positiv dominoeffekt, ved at auka etterspurnad etter hydrogen skaper ei forsyningskjede som også kan serve cruiseskip, fraktefartøy og offshorefartøy.

Regjeringa har lansert ein handlingsplan for grøn skipsfart som ifølgje pressemeldinga legg opp til krav om null- og lågutslepp i kommande anbodsrundar på hurtigbåtar. Det er løyvd 25 millionar kroner til innføring av grøne hurtigbåtar, og regjeringa «vil arbeida vidare med ei støtteordning for fylkeskommunane som stiller krav om grøne hurtigbåtar».

– Med meir pengar til fylkeskommunane, vil dei vera i stand til å gjennomføra same løftet for hurtigbåtar som dei har klart for ferjene, seier Økland.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.