KOMMUNEOVERLEGE: Kjersti Follesø er kommuneoverlege på Bømlo. Foto: Nils-Tore Sele

Kommunen avsluttar lokal koronaforskrift

Bømlo kommune forlengjer ikkje den lokale koronaforskrifta. Frå 9. april går kommunen over til å følgje den nasjonale forskrifta. Då kan treningssenter opne igjen.

Det opplyser kommunen i ei pressemelding. Den lokale forskrifta vil altså gjelda fram til i morgon, fredag 9. april. Deretter vil kommunen følgja den gjeldande nasjonale forskrifta. Den noverande nasjonale forskrifta gjeld til og med 14. april.

Treningssenter kan opne

I pressemeldinga står det å lesa at den største lokale endringa gjeld treningssenter. Desse får etter i morgon halde ope for kommunen sine eigne innbyggjarar, men tilrettelagt for to meters avstand mellom dei som trenar.

Bakgrunnen for at kommunen valde å innføre lokal smittevernforskrift var aukande smitte i regionen. Forskrifta vart innført av formannskapet 16. mars, før Bømlo kommunestyre samrøystes valde å forlengja forskrifta 23. mars. Vedtaket var heimla i ein lovparagraf frå 1994 som gjeld vern mot smittsame sjukdommar.

Viktig å følgja smittevernråda

I pressemeldinga seier kommuneoverlege Kjersti Follesø at det ikkje lenger er grunnlag for å vidareføra den lokale forskrifta. Bakgrunnen for det er den lokale smittesituasjonen, og det at den nasjonale forskrifta i stor grad samsvarar med Bømlo kommune si lokale forskrift om smittevern.

– Bømlo kommune opphevar difor gjeldande lokale forskrift frå og med laurdag 10. april, står det å lesa.

Den nasjonale forskrifta inneheld punkt om handling, reising, arbeidsplassar og heimekontor, sosial kontakt, tal personar som kan vera til stades på arrangement, idretts- og fritidsaktivitetar, og skjenkjestopp.

Kjersti Follesø seier det er viktig å vera lojal mot smittevernråda:

– Folk må framleis følgja lojalt opp tilrådingar og smittevernråda. Det er einaste måten å slå smitten tilbake. Så hugs å hald god avstand, ha god hygiene, ha færrast mogeleg kontaktar, hald deg heime om du er sjuk, og ha låg terskel for å teste deg om du får luftvegssymptom, oppmodar kommuneoverlegen.