Informasjon til framandarbeidarar: Kommuneoverlege Kjersti Follesø syner informasjonsplakatar om corona-viruset på kinesisk, mynta på kinesiske framandarbeidarar i Noreg. Foto: Håvard Hammarstrøm

Kommunen er budd på corona-viruset

Kommuneoverlege Kjersti Follesø seier kommunen er godt i gang med informasjonsarbeid knytt til corona-viruset (Covi-19). Ho ber alle med influensasymptom og som anten sjølv har vore i råka område i utlandet, eller vore i kontakt med personar som har vore i desse områda, om å bli heime og kontakte lege på telefon.

Dei det første tilfella av corona-viruset (Covid-19) i Noreg vart stadfesta onsdag og torsdag denne veka, og ei rekkje personar har sitte i heimekarantene landet rundt i påvente av at prøver skal analyserast. Mellom husstandane som vart sett i karantene var det tre i Sauda i Rogaland.

Dette skal du gjere

Kommuneoverlege på Bømlo, Kjersti Follesø, seier til Bømlo-nytt at kommunen er budd på at det kan dukke opp tilfelle av influensaen også her i kommunen. Ho har nokre generelle råd til publikum. Det viktigaste rådet gjeld dei som har vore på reise i område råka av corona-viruset og får influensasymptom. Dei skal halde seg heime og kontakte legekontoret sitt på telefon. Dette gjeld også dersom ein veit at ein har vore i kontakt med personar som har vore i desse områda, og ein får influensasymptom.

— Då er det viktig at dei ikkje møter opp på legekontoret og risikerer å smitte dei som er der. I staden skal dei ringje fastlegekontoret sitt og fortelje kor dei har vore, eller kven dei har vore i kontakt med, understrekar Follesø. Då er det aktuelt å ta virusprøve heime hos den enkelte ved mistanke om corona-virus. Dei som har fått gjennomført prøve skal halde seg heime til prøven er analysert, og syner prøven corona-virus skal ein vera i heimekarantene i 14 dagar. Dette vil vera standard framgangsmåte så lenge det er få tilfelle.

— Dersom dette byrjar gjelde mange, så vil det ikkje vera mogeleg å gjera det på denne måten. Då lyt me finna andre prosedyrar, men inntil vidare så er det dette som gjeld, seier ho.

Dersom ein nys eller hostar er det viktig å gjera det helst i eit papirlommetørkle som så blir kasta, eller at ein eventuelt nys eller hostar i olbogen. Dette slik at ein ikkje spreier eventuell smitte.

Kommuneoverlegen rår ikkje til at folk går med munnbind for å førebyggje sjukdom. I mange tilfelle kan det virke mot sin hensikt, og faktisk auke sjansane for å bli sjuk. Då er det viktigare å vera nøye på handhygiene og vaske hendene godt når ein har vore ute og på offentlege plassar.

Proviant, vatn, batteri og ved

I tillegg rår kommuneoverlegen til å handle inn litt tørrfôr, hermetikk, flaskevatn, ved (dersom ein har vedomn) og batteri til radio og lommelykt, slik at ein klarer seg nokre dagar heime utan å gå ut.

Dei som ikkje har vore ute og reist, eller har vore i kontakt med personar som har reist i område med smitte, treng i utgangspunktet ikkje vera redde for corona-smitte. Follesø seier det uansett ikkje er grunn til panikk. Om lag 80 prosent av dei som blir smitta av corona-viruset har berre milde symptom, og så langt ser det ut til at under ein prosent av dei smitta døyr av sjukdomen.

— Me har venta på at det skulle komme hit. Nordmenn er eit reisande folk. Det viktigaste no er å få ut informasjonen om korleis folk som har vore i områda skal oppføre seg. Målet er å avgrense spreiinga av smitten, slik at ikkje så mange blir sjuke på ein gong. Det som er bra er at dei fleste har ein lett sjukdomsgang. Det er om lag som ved ein vanleg influensa. Det er nokre som ikkje får sjukdomssymptom i det heile, seier Follesø.

Ho legg likevel til at dei som har vore i dei aktuelle områda, eller vore i kontakt med personar som har vore der, og får milde influensasymptom om å vera føre var. Dei bør bli heime og kontakte lege på telefon. Dei som ikkje har symptom i det heile kan oppføre seg som normalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har informert bedriftshelsetenesten

— Det er mange verksemder med tilsette som reiser i jobben. Korleis skal dei halde seg til dette? Er det dei same råda til dei som til oss andre?

— Ja, det er eigentleg det. Me har vore i kontakt med bedriftshelsetenesten, som igjen har kontakt ut i verksemdene. Dei verksemdene som har tilsette som reiser til utlandet er ganske obs på dette og følgjer med på reiseråd. I tillegg har me informasjon til verksemder som har gjestearbeidarar. Me har oppslag på fleire språk som kan hengjast opp, svarer Follesø. Ho syner eit døme med eit oppslag skrive på kinesisk, og som handlar om handhygiene og kva ein skal gjere om ein har symptom.

— Her håper me at alle verksemdene gir råd til sine, seier kommuneoverlegen. Ho minner også om at me framleis er inne i den vanlege influensasesongen.

Førebygging av smitte: Folkehelseinsituttet har laga denne plakaten for å syne korleis ein kan førebyggje sjukdom og hindre å smitte andre. Foto: FHI

Kommunen er budd

— Korleis er beredskapen i kommunen dersom det skulle dukke opp fleire smittetilfelle på Bømlo?

— Me har ein pandemiplan, slik alle kommunar er pliktige å ha. Me har gått igjennom planverket og sett på kor me eventuelt har manglar. Det er kalla inn til eit møte for helsetenestene fredag for å gå igjennom planane. Ein risiko er sjølvsagt dersom mange tilsette blir sjuke samstundes. Det gjeld også andre samfunnskritiske funksjonar. Eitt føremål med møtet er å oppdatere oversikta over eventuelt reservepersonell, til dømes pensjonistar, som kan komme inn om det trengst. I tillegg skal me ha ein informasjonsplan for informasjon både internt og eksternt mot publikum, slik at dei får oppdatert informasjon, seier Follesø.

Torsdag var komuneoverlegen også på eit møte i regi av Stord sjukehus for kommunane som soknar til sjukehuset.

— Me har oppretta ei kontaktgruppe som skal ha møter så lenge dette varer, opplyser ho. På møta vil det mellom anna bli kartlagt kva utstyr kommunane eventuelt måtte trenge. I tillegg er alle verksemdleiarane i kommunen oppdaterte på situasjonen, slik at dei eventuelt kan oppdatere planane sine om naudsynt.

Kommunen si nettside er ein aktuell kanal for informasjon ut til publikum. I tillegg rår kommuneoverlegen til å følgje med på oppdatert informasjon om corona-viruset på nettsidene til Folkehelseinstituttet på www.fhi.no.

Her vil ein mellom anna få oppdatert informasjon dersom det til dømes skulle bli pålagt å avlyse arrangement med større folkemengder for å unngå smittespreiing. Då kjem det melding om det frå offisielt hald. Dette er så langt ikkje vurdert som aktuelt.

— Men dersom nasjonale styresmakter kjem med ei slik anbefaling, så vil me gjera det. Det viktigaste no er eigentleg at samfunnet fungerer mest mogeleg normalt og at ein ikkje får panikk.