KART OG TERRENG: Lærarane Miriam Engseth og Kristoffer Grindheim er usikre på kart og terreng, men hadde funne vegen frå Hillestveit skule til skulegårdprosjekt-kurset på Svortland skule, torsdag ettermiddag. Foto: Per Harald Gjerde

Kor er du? Kor skal du?

Desse eksistensielle spørsmåla brukar mange av oss heile livet på å finne ut av. 36 lærarar i bømloskulen fekk hjelp til å finne svar på desse spørsmåla på Svortland skule, torsdag ettermiddag.

– Svart er hardt! Gult er kult!

Kursleiar, Henning B. Carlsen i Skulegårdsprosjektet presenterer gode hugsereglar for fargar og symbol på skulegardskartet til Svortland skule. Lærarane har nettopp vore inne og fått spørsmål frå Carlsen om dei er trygge på orienteringskart. Usikker latter mellom lærarane i salen gav han svaret.

KURSHALDAREN: -Svart er hardt! Gult er kult! Kurshaldar, Henning B. Carlsen demonstrerer korleis ein kan lære elevane fargekodar og symbol på skulegardskartet. Foto: Per Harald Gjerde

– Eg er veldig usikker på kart og orientering, seier Kristoffer Grindheim, lærar på Hillestveit skule.

– Eg veit at det er viktig å finne nord, slik at me kan stå rett veg med kartet i handa, seier Grindheim. Han og kollega Miriam Engseth prøver å setje seg inn i kartteikningane og symbola. Dei jobbar begge i ungdomsskulen, og ser potensialet i skulegårdsprosjektet.

KARTTEIKNAREN: John Olav Alvsvåg har teikna digitale kart for alle skulane i kommunen. Her i samtale med lærarane Kristoffer Grindheim og Miriam Engseth. Foto: Per Harald Gjerde

– Dette opplegget vil vere ein god ressurs for oss, og det vert enklare å finne opplegg til gode uteaktivitetar. Me slepp å bruke tid på å google. Her er det ferdige digitale kart, der me kan legge inn løyper. Det er også laminerte kart, og praktisk undervisningsmateriell som følgjer med, seier Grindheim entusiastisk.

DIGITALT FLEIRGONGSBRUK: Utsnitt av det digitale kartet frå Svortland skule. Lærarane kan legge inn løyper, og velje tal på postar. Orienteringsentusiasten, John Olav Alvsvåg har gjort eit imponerande arbeid for heile bømloskulen. Foto: Skjermdump

Kartteiknar og orienteringsentusiast, John Olav Alvsvåg har teikna digitale kart for alle skulane i Bømlo. Dei ligg på skoleorientering.no sine sider, klare til bruk. På nokre av skulane er det til og med kart i fleire målestokkar. Alvsvåg har brukt mykje tid på dette arbeidet. Han bur og arbeider i Bergen, men til neste år får han meir tid til å jobbe med orientering, sidan han då trappar ned mot pensjonisttilværet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg kjem opprinneleg frå Bømlo, og har fritidsbustad her, så det er berre kjekt å halde på med dette, seier han.

– Eg har sjølv drive med orientering, og Bømlo hadde orienteringsklubb tidlegare. Me håpar at dette kan skape ny interesse rundt orientering, og at orienteringsklubben på Bømlo kan bli aktiv att, seier Alvsvåg.

– Dette opplegget passar fint å bruke i fleire fag ute, seier kurshaldar, Henning B. Carlsen. Postane er merka med ulike symbol, alt etter kva fag ein vil fokusere på. Postane treng ikkje hengast opp og takast ned for kvar gong. Dei kan henge heile tida, og så kan ein legge inn løypa digitalt slik ein ønskjer, seier Carlsen. Opplegget er slik laga at sjølv om det heng 20 faste postar ute, kan ein velje ut sju av dei, leggje løypa inn digitalt, printe ut eit klassesett, og t.d. fokusere på talsymbola ute i ein mattetime.

– Opplegget kan tilpassast, slik at det kan brukast i heile skulen, og i vidaregåande, seier Carlsen.

IVRIGE: Få er meir ivrige enn lærarar på kurs i eit nytt undervisningsopplegg. Det ufyselege vêret la ingen dempar på stemninga. Foto: Per Harald Gjerde