TEST: Tysdag 30. mars vart det testa 54 personar, av desse var 33 i samband med smittesporing. Til no berre eitt positivt svar. Foto: Ingvild Sjo

Korona: Eitt nytt tilfelle meldt i dag

Bømlo kommune melder at vedkomande er nærkontakt til kjent tilfelle.

I dag, torsdag 1. april opplyser Bømlo kommune at eitt tilfelle av smitte med covid-19 er meldt etter at nærkontaktar til eit kjent smittetilfelle er testa.

Vedkomande har vore i karantene.

– Når me no går inn i påskehøgtida minner me om dei gjeldande reglane og tilrådingane for besøk og og overnatting i hus, hytter og rorbuer i kommunen, melder Bømlo kommune på nettsida si.

Les også
Ikkje kontroll på smitteutbrot i Haugesund