STORD SJUKEHUS: Ein pasient med covid-19 vart lagt inn her på Stord sjukehus laurdag. Foto: NILS-TORE SELE/ARKIV

Koronapasient innlagt på Stord sjukehus

Ein pasient smitta av covid-19 vart laurdag lagt inn på Stord sjukehus.

Det melder Helse Fonna i ei pressemelding. Pasienten, som er i aldersgruppa 18–64 år, skal vere innlagt på medisinsk avdeling, og får ikkje intensivbehandling. Siste innlagde pasient med covid-19 i Helse Fonna var tidleg i august månad, på Haugesund sjukehus. Då pasienten vart lagt inn på Stord sjukehus laurdag, var dette den første pasienten med covid-19-smitte som vart innlagt på sjukehuset sidan byrjinga av mai, blir det opplyst i pressemeldinga.

Les også
Besøksforbod innført på Bømlo bu- og helsesenter etter påvist tilfelle av covid-19
Les også
Ber ungdom halde seg heime