STIL: Blankpussa instrument gir interessant blikk på korleis 17.mai-feiringa i Langevåg har gått føre seg.
Foto: Geir Einarsen
Korpset sette preg på 17.mai-feiringa
I Langevåg vart det feiring med musikk og korps, og ved omsorgstunet i bygda vart korpsvitjinga sett stor pris på.
Publisert: 17.05.2021 19:00
Sist oppdatert:
18.05.2021 09:09
Ingen 17.mai utan korps, heiter det, og det var også tilfelle i Langevåg i år. Korpset stilte opp utanfor bedehuset i bygda, og marsjerte opp til kyrkja og omsorgstunet. Utanfor kyrkja og utanfor omsorgstunet sytte musikantane for flott musikk og god stemning.
Sjå biletserien vår om 17.mai-feiringa i bygda.
Bilete 1 av 4
FEKK FRAM SMILA: Korpsmusikken krydra 17.maifeiringa til dei busette ved omsorgstunet i Langevåg.
Foto: Geir Einarsen
Bilete 2 av 4
FLAGGBORG: Høgtideleg med kransenedlegging ved minnestøtta utanfor Bømlo kyrkje.
Foto: Geir Einarsen
Bilete 3 av 4
MARSJERTE: Korpset marsjerte frå bedehuset i bygda og oppover til kyrkja og omsorgstunet.
Foto: Geir Einarsen
Bilete 4 av 4
TRADISJON: Det er fast skikk på 17.mai at musikkorpset spelar for dei som bur på omsorgstunet i Langevåg.
Foto: Geir Einarsen