Politikontroll: Tysdag stogga politiet ein ung MC-førar med ein noko uvanleg køyrestil. Foto: Håvard Hammarstrøm

Køyrde med beina på styret og armane på tanken

Tysdag då politiet hadde fartskontroll på Stord stogga dei ein ung MC-førar med ein noko uvanleg køyrestil.

— Ein ung mannleg MC-førar fekk førarkortet kverrsett då han blei sett køyrande med beina på styret og armane på tanken, skriv Politiet Sør-Vest på Twitter, ved totida tysdag.

I tillegg hadde politiet fartskontroll i 40-sona på Sæ. Her vart det skrive ni forenkla førelegg.

— Høgast fart var 53 km/t, står det vidare.