Pia Warland, Arnfinn Matre og Nils-Henrik Stokke saman med sin Opel Agila.  – Det finnest ikkje ein tøffare Opel Agila, meiner Matre.
Pia Warland, Arnfinn Matre og Nils-Henrik Stokke saman med sin Opel Agila. – Det finnest ikkje ein tøffare Opel Agila, meiner Matre. Foto: STIAN ØVREVÅGE

Køyrer 18.000 kilometer i sommar

I juli legg Arnfinn Matre (41) saman med to vener ut på ei lang og strabasiøs reise i ein liten Opel Agila. Dei er med i Mongol Rally 2019.

Arnfinn Matre, Nils-Henrik Stokke og Pia Warland kan trygt kallast tre eventyrlystne personar frå Stavanger. Matre kjem frå Bømlo og saman med venene sine skal han nemleg vera med i Mongol Rally 2019 i sommar.

Det betyr enkelt og greitt at dei skal køyra 18.000 kilometer i ein liten Opel Agila som dei kjøpte billig for 15.000 kroner på finn.no.

Kjøpte Opel i vaksen alder

Bilen er i det siste blitt utrusta etter alle kunstens reglar for å klara turen. Han er forsterka i alle baugar og kantar for å klara eit vegnett som er mykje verre enn det aller verste me kan skilta med her på Bømlo.

Til og med namnetypen er gjort noko med. No er det ikkje lenger ein Opel Agila, men ein «Mongila» dei legg ut på tur med.

– Kravet i Mongol Rally er at bilen skal vera billig med maks motorstorleik på 1,2 liter. Me vil ikkje ha ein altfor gammal bil fordi me ønskjer å ha air-bag og litt grunnleggjande tryggleiksutstyr, fortel Arnfinn Matre og viser til at det er ein del tidlegare deltakarar som har køyrd både 2CV og gammal type Mini til Mongolia.

Arnfinn Matre har drøymt om å få køyra Mongol race dei siste åtte-ti åra. Dei tre som legg ut på veg i sommar kallar teamet sitt Moose on the Loose.
Arnfinn Matre har drøymt om å få køyra Mongol race dei siste åtte-ti åra. Dei tre som legg ut på veg i sommar kallar teamet sitt Moose on the Loose. Foto: STIAN ØVREVÅGE
Den vesle opelmotoren på 1,2 liter er det største som er lov å ha i bilane som er med. Her opnar Arnfinn Matre panseret for skodelystne på laurdag.
Den vesle opelmotoren på 1,2 liter er det største som er lov å ha i bilane som er med. Her opnar Arnfinn Matre panseret for skodelystne på laurdag. Foto: STIAN ØVREVÅGE
Den vesle opelen er ikkje store bilen, men er no heva, forsterka og utrusta med snorkel for elvekryssing. 18.000 knallharde kilometer ventar.
Den vesle opelen er ikkje store bilen, men er no heva, forsterka og utrusta med snorkel for elvekryssing. 18.000 knallharde kilometer ventar. Foto: STIAN ØVREVÅGE

– Me fekk denne bilen veldig billeg, og tilsynelatande er han i bra stand. Det kan også henda at dette er ein motreaksjon på at eg aldri hadde ein skikkeleg rånebil i ungdomstida mi på Bømlo. Opel var jo populært den gongen, humrar han.

Interessert i andre kulturar

Det blir tett i ein liten bil når så stor avstand skal tilbakeleggjast. Arnfinn Matre seier til Bømlo-nytt at han er sikker på at det vil gå fint. Alle tre er reisevane personar og kjenner kvarandre godt. Sjølv var han nettopp på ferie til Nord-Korea. Og turen til Mongolia gjennom Mongol Rally har dei tenkt på lenge. Initiativtakaren er faktisk Arnfinn Matre.

– Eg likar å reisa, gjerne til litt uvanlege stader og utanfor typiske turistområde, fortel Matre.

– Eg synest det er givande å komma i kontakt med lokalbefolkninga, og få eit inntrykk av korleis folk lever og tenkjer i andre kulturar. Alle land og kulturar har positive og negative sider, men eg trur at alle kan læra oss noko bra.

Brukte tid på å finna reisekameratar

Det skjedde noko med Matre første gongen han fekk høyra om dette spesielle billøpet.

– Då eg høyrte om Mongol Rally for 8-10 år sidan, blei eg skikkelig gira. Eg er veldig glad i å køyra bil, og denne ruta går gjennom mange land som ein vanlegvis ikkje vitjar. Eg trur bilen kan vera ein fin ice-breaker for å komma i kontakt med folk undervegs. Det er også ein utfordrande tur kor me blir pressa eit godt stykke utanfor komfortsonen. Eg har sett mange dokumentarar og YouTube-videoar om Mongol Rally og det verkar som eit skikkeleg eventyr! meiner Matre.

– Det har vore utfordrande å finna nokon som er skikkeleg gira på å sitja nokre hundre timar i bil og som virkeleg forstår kva dette inneber, så eg har prøvd på det ein god stund. Fleire har sagt at «dette høyrest kjekt ut», men som inst inne føretrekkjer litt mer avslappande feriar som til dømes på ei strand. Eg har kjent både Nils-Henrik og Pia i mange år, og veit hva dei står for og at dette er noko dei verkeleg ønskjer å gå all-inn på.

Støttar barneheim

– Eg synest også det er ein fin ting at dette billøpet brukast til å skapa merksemd rundt og samla inn pengar til gode føremål. Føremålet me samlar inn penger til er veldig bra. Dette er noko som har stor personleg tyding for Nils-Henrik. Eg har tidligare støtta dette, og eg veit at prosjektet blir godt følgd opp og at pengane som vert samla inn går der det skal.

Målet med turen er å samla inn 200.000 kroner til å byggja eit nytt dagsenter for psykisk utviklingshemma barn i Moshi i Tanzania.

Rullar i mål i Ulan-Ude

Starten på Mongol Rally er 22.juli i Praha, Tsjekkia. Korleis dei startande kjem seg til Tsjekkia med bilen, er opp til kvar og ein. Eitt vilkår er at det må samlast inn minst 1.000 pund på vegen til eit godt føremål.

Målstreken er i Russland. I byen Ulan-Ude, ein by med over 350.000 innbyggjarar.

Bilane som er med på racet er venta å kryssa mållina mellom 14.august til 16.september. Tidlegare gjekk ferda heilt til Ulan Bator, men grunna praktiske omsyn som frakt av bilane heim att, vart mål flytta til Russland. Det er ikkje lov å la bilane stå att eller vraka dei der. Deltakarane må difor sjølv betala for transporten tilbake.

Første gongen Mongol Rally vart arrangert var i 2004. No er det med mellom 250 og 300 bilar kvart år, i det første racet var det berre seks bilar med. Fire av dei kom til mål. Ein regel ved dette racet er at ingen av bilane kan vera utrusta med ein stor og kraftig motor. Største tilletne motorvolum er 1,2, som «mongilaen» Matre & Co skal bruka på den lange ferda.

Vilt og høgt

På laurdag fekk dei tre sjå bilen dei skal bruka i Mongol Rally for første gong. Avdukinga skjedde ved Innovation Docks i Stavanger. Mange skodelystna samla seg i samband med hendinga, noko som mellom anna resulterte i ein avisartikkel i Stavanger Aftenblad.

Utrustinga har gått føre seg hos Craftworks i Sandefjord, der opelen er heva, forsterka og ombygd for å tola ein tøff tur, det mestedelen av ferda går utanfor allfarveg.

I løpet av bilracet skal deltakarane køyra gjennom 22 land, i alle fall alle som når fram. For det er langt frå alle bilane som kjem seg gjennom den lange ferda, der racet går gjennom alle dei såkalla stan-landa. Både bil og førarar risikerer å bli tungpusta når dei køyrer til dømes på fjellvegen Pamir Higway, i høgder på opp mot 4.655 meter over havet.