På UiB sin jordskjelvside bekreftar dei jordskjelvet i dag.
På UiB sin jordskjelvside bekreftar dei jordskjelvet i dag. Foto: Skjermdump.

Kraftig jordskjelv i Hordaland

NORSKAR og Universitetet i Bergen melder på sine nettsider at dei har mottatt svært mange meldingar om eit jordskjelv i Hordaland.

– Det var eit forferdeleg leven. Det høyrdest ut som eit tog som dundra forbi, fortalde ein BA-lesar på Askøy like før klokka 1000 tysdag morgon, tilBA.

NRK melder at det truleg er det kraftigaste jordskjelvet i Noreg på 10 år.

Bergen

Frå ulike stader i Bergen er det rapportert inn om skjelvingar. UiB har tatt imot nærare 100 meldingar.

Jordskjelvekspert Volker Oye i Norsar bekreftar til BA at det har vore eit jordskjelv.

– Jordskjelvet er førebels lokalisert nord for Holsenøy, og har ein styrke på 3,7, sa overingeniør Berit Marie Storheim ved institutt for geovitenskap tilBA.

Sunnhordland skriv at innbyggjarar heilt i Sunnhordland merka skjelvet.

– Det var omtrent som nokon slo igjen døra. Sofaen rista godt, fortel, Helene Danielsen frå Halsnøy til Sunnhordland.

Om nokon har tips om det er bømlingar som har merka jordskjelvet er det berre å ta kontakt.

stine@bomlo-nytt.no

 

- Dato/tid: 2017-11-07 09:46:35

- Posisjon: 60.52, 4.64

- Styrke: 3.8

- Djupn: 15 km (usikkert)