«BØMLAFJORD»: I kveld fekk den nye ferja som skal gå i ferjesambandet Langevåg-Buavåg ei grunnberøring ved innseglinga til Buavåg. Foto: Geir Einarsen

Langevåg-ferja gjekk på grunn ved Buavåg

Sju personar er om bord på ferja «Bømlafjord» som skal ha hatt ei grunnberøring ved innseglinga til Buavåg. Ferja er no slept av grunna.

Det var i 22-tida i kveld at «Bømlafjord» fekk problem ved innseglinga til Buavåg. Etter det Bømlo-nytt får opplyst frå operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt i Stavanger, handlar det om ei grunnberøring. Dette vert også stadfesta frå Hovudredningssentralen for Sør-Norge (HRS).

Ferja skal liggja 300 meter frå ferjekaien i Buavåg, og ventar på å bli slept til lands, opplyser operasjonsleiar hos politiet. Det skal vera sju personar om bord. Ferja ligg attmed Svartholmen, som ligg i innseglinga til Buavåg.

På reiarlaget Fjord1 si nettside vart det i 22.30-tida i kveld lagt ut ei melding om at ferja var innstilt grunna tekniske problem.

Siste oppdatering frå HRS er at det ligg to andre fartøy ved ferja, og vil assistera. Dette er brønnbåten «Ronja Sund» og «Mir». Ferja står på grunn, det trengjer ikkje inn vatn, men ho har heller ikkje framdrift. Rundt klokka 23.30 kom ferja under slep. Det er «Ronja Sund» som har «Bømlafjord» under slep. Ferja er i første omgang slept eit stykke ut i fjorden, slik at ho ikkje vart liggjande så nær med land i Buavåg, opplyser HRS. Eit stykke over midnatt natt til sundag var det uvisst kor ferja skulle slepast hen. I løpet av natta vart ho slept inn til Langevåg.

– Ferja tek ikkje inn vatn, så det er ingen fare med det, får Bømlo-nytt opplyst.

Redningsskøyta «Resque Sundt» med base på Leirvik er også i området. Brannbåt frå Leirvik er rekvirert for å ta seg av eventuelle oljesøl nær ferja, får Bømlo-nytt opplyst ved HRS.

Artikkelen held fram under annonsen.