COME ON EVERYBODY: Heine Totland og Erlend Styve lovar publikum ein heidundrande god konsert og håpar mange vil vippsa og bidra til at hotellet får økonomisk støtte under koronakrisa. Foto: Bjørn Kjetil Ljosdal

Lasse på hotellet tatt på senga

Får LIVE-konsert med Heine Totland og band til inntekt for Bømlo Hotell.

Sjølv visste hotelleigaren ingenting om initiativet, og såg litt skeptisk ut då han høyrde han skulle få ei overrasking i bakgarden. Kanskje ikkje så rart, for i hotell- og reiselivsbransjen har dei fått mange overraskingar i det siste.

Jan Arvid Monsen kjem på døra til Lasse Lassesen Breivik og spør korleis det går. Foto av filmopptak laga av Bjørn Kjetil Ljosdal. Foto: Bjørn Kjetil Ljosdal

Heine i bakgarden

Men då Lasse Lassesen Breivik runda hjørna og fekk sjå Heine Totland og Erling Styve sitja i bakgarden, smilande med kvar sin gitar, vart han rørt.

– Det var voldsomt, der blei eg tatt på senga. Dette skal bli veldig kjekt og spennande å få prøva, seier Lasse Lassesen Breivik om initiativet som Jan Arvid Monsen i Marine Profile står bak.

Går LIVE med rockebandet

– Lasse, og bømlingar, eg har hatt altså så mykje skøy her på hotellet, seier Heine Totland under filminnslaget som er laga av Bjørn Kjetil Ljosdal. Det var ved Bømlo Hotell Heine hadde nokre av sine første opptredenar, og det var her «brølet frå Bjødledalen» oppsto. Den 15. mai har han med seg heile bandet sitt for å gje konsert ved Bømlo hotell som vert streama på Bømlo-nytt si Facebook-side.

– Og det blir så stas! seier Heine og legg til at når ein har det tøft, så er det fantastisk å ha mykje bømlingar rundt seg.

– Og der skal me stilla opp for Bømlo Hotell, for dette hotellet er viktig for Bømlo sitt næringsliv, og næringslivet er viktig for oss, sa Heine Totland og fortalde at pengar som blir vippsa inn vil gå uavkorta til vidare drift av Bømlo Hotell.

OVERVELDA: Lasse Lassesen Breivik blir rørt og glad når han opplever støtte. Jan Arvid Monsen (i midten) seier det som det er: No skal me hjelpa deg over kneika. Foto: Bjørn Kjetil Ljosdal

Sterkare saman

Bak slagordet Sterkare saman ligg ein filosofi som Jan Arvid Monsen har utarbeidd ein strategi etter. Det handlar om å stå saman, på tvers av bygder og bransjar, og målet er heilskapleg tenking mot eit felles mål.

– Eg trur på at ein kan få til kva som helst om folk står saman, seier han og fortel at i akkurat dette konseptet er det tre dimensjonar som naturleg fall saman.

For det første Heine og bandet hans som gjekk frå 110 prosent til null oppdrag då koronakrisa råka. Her lagar Monsen til eit sponsorlag der verksemder som er med og betala utgifter til bandet får profilering heile vegen, både før, under og etter konserten. I tillegg er det 25 eksklusive billettar til dei som er hovudsponsorar, for frå den 7. mai vert det lov å ha inntil 50 gjester til stades.

For det andre er hotell- og reiselivsnæringa blant dei som slit mest under koronakrisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då er det naturleg å tenkja at me skal stå saman for å støtta hotellet på Bømlo, seier Monsen. Han kjenner sjølv på at andre firma gjer hans firma sterkt, og då er det naturleg å gjera igjen slik at ein styrkjer kvarandre. Og så har han med eit tredje punkt med som han meiner er like viktig.

For det tredje er det viktig å visa komande generasjon at om me skal få til noko så må me stå i lag.

– Den kulturen med klinsjar mellom grendene må vekk om me skal realisera potensialet vårt i Bømlo kommune, seier Monsen.

– Me er ein liten kommune, og skal me skapa vekst og busetjing her så må me stå saman. Negativitet bidreg ikkje til folkeauke, seier Jan Arvid Monsen som jobbar dugnad som arrangør av denne konserten.

– Eg brukar dugnadstimar på dette ja. Alle må ofta litt, seier han om å koma gjennom koronakrisa med flokken samla.

Les også
Bømlo Hotell fekk 70.000,- for mars
Les også
10 ulike bransjar informerte formannskapet digitalt om koronakrisa