Tok førarkortet: Ein 18 år gammal motorsyklist mista førarkortet sundag kveld. Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Målt til 90 km/t i 50-sone

Ein 18 år gammal mann mista førarkortet og blir meld av politiet etter at han og motorsykkelen hans vart målt til 90 kilometer i timen i ei 50-sone.

Det er Radio Haugaland som melder dette. Køyreturen med lett motorsykkel skal ha skjedd i 22-tida sundag kveld. Mannen vart stansa av politiet ved Stølo i Urangsvåg, etter altså å ha blitt målt til 90 kilometer i timen i 50-sona. Politiet opplyser til radiokanalen at mannen også skal ha blitt målt til 79 kilometer i timen i ei 60-sone.