Arkiv. Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Mann drakk Antibac og hamna i arresten

Ein mann i 40-åra skal vera sett i fyllearrest heile tre dagar på rad etter å ha drukke kaffi med Antibac.

Dette melder Sunnhordland.no, og i følgje politiet skal mannen vera frå Bømlo og ha ei lang rekkje kriminelle forhold bak seg. Siste hending med overstadig rus på grunn av handsprit skal ha skjedd i Haugesund og på Sandvikvåg. Der var mannen så rusa at politiet ikkje såg noko anna løysing enn å køyra han tilbake til arresten, i følgje Sunnhordland.

Professor Jørg Mørland er spesialist i klinisk farmakologi ved Institutt for klinisk medisin ved Universitetet i Oslo, og seniorforskar ved Folkehelseinstituttet. Han forklarar til TV2 at dersom ein drikk Antibac, blir ein i hovudsak påverka av alkohol på grunn av etanol og isopropanol. Det siste skapar ein meir uttalt rus og har i tillegg fleire alvorlege symptom på forgifting ved høge dosar enn ved inntak av etanol.

– Ein stor slurk Antibac på kring 50 milliliter tilsvarar to drinkar på fire centiliter med 40 prosent brennevik, seier Mørland som meiner ein må tenkja over kvar ein plasserer flasker med Antibac. Han legg til at Antibac er eit upresist omgrep fordi fleire forskjellige produkt vert selde under dette namnet.

Professoren minner om at ein må tenkja over kvar ein oppbevarer Antibac, fordi det i verste fall kan vera dødeleg å drikka.

Les også
Polsalet auka med 30 prosent før jul