Alle naudetatane kom til ulukkesstaden, men livet til mannen kunne dei diverre ikkje berga.  ARKIVFOTO/ ILLUSTRASJON
Alle naudetatane kom til ulukkesstaden, men livet til mannen kunne dei diverre ikkje berga. ARKIVFOTO/ ILLUSTRASJON

Mann i 40-åra omkom i ulukke

POLITIET: Måndag 8. juli klokka 15:30 fekk politiet melding om ei ulukke ved Finnås på Bømlo. Ulukka hende under arbeid med eit rotvelta tre. Det utløyste full utrykking av alle etatar; brann, helse og politi, og luftambulanse kom til staden. Det vart utført førstehjelp, men diverre klarte dei ikkje å berga livet hans. Politiet opplyser at namnet til den omkomne enno ikkje er frigjeve (torsdag) av omsyn til pårørande.