Politiet etterlyser vitne etter valdsepisoden på Svortland i natt. illustrasjonsfoto
Politiet etterlyser vitne etter valdsepisoden på Svortland i natt. illustrasjonsfoto Foto: Stine R. Rørvik

Mann sikta for vald

Ein mann i 20-åra er sikta etter valdsepisoden på Svortland.

Dette opplyser lensmann Roald Raunholm til Bømlo-nytt. Ein  24 år gammal mann ligg alvorleg skadd på Haukeland universitetssykehus etter valdsepisoden som skjedde på offentleg stad ved Pizzabakeren i Svortland sentrum natt til sundag.

Ein mann i 20-åra vart pågripen og avhøyrt av politiet. Han har no status som sikta. Dei to mennene skal ha kjent kvarandre frå før, og opphavleg vera frå samme land i Baltikum. Begge er no busette på Bømlo.

Etterforskar saka

Lensmann Raunholm seier mannen som vart skadd i valdsepisoden først vart frakta med ambulanse til Stord sjukehus. Etter litt behandling der vart han frakta vidare til Haukeland med helikopter. 

- Me ønskjer framleis svært gjerne kontakt med vitne som kan ha sett noko, eller andre som kan ha opplysningar i saka.

- Blir den sikta mannen framstilt for varetektsfengsling?

- Slik eg forstår det blir han ikkje framstilt for varetektsfengsling. Han vil bli lauslaten når me er ferdige med avhøyr, svarer Raunholm.

Alvorleg sak

- Korleis ser politiet på denne saka?

- Det er klart at dette er ei svært alvorleg sak. Dei første meldingane som kom inn var dramatiske. Etter det eg kjenner til nett no er fornærma alvorleg skadd men utanfor livsfare. Det er snakk om massiv vald. Ja, dette er ei alvorleg sak. Me er ikkje heilt i mål med etterforskinga, men jobbar med med å etterforske saka ferdig så snart som mogeleg, seier lensmannen. Politiet ber vitne og andre som har opplysningar i saka ta kontakt på telefon 02800.