Fekk første koronavaksinen: Martha Olson (93) vart torsdag den første i Bømlo kommune som fekk vaksine mot Covid-19. Det var avdelingssjukepleiar Isabel Knutsen ved Bømlo bu- og helsesenter som sette vaksinen. Foto: Håvard Hammarstrøm

Martha Olson (93) var den første i Bømlo som fekk koronavaksine

Like etter klokka 0930 torsdag formiddag fekk Martha Olson (93) vaksine mot covid-19 som den første i Bømlo kommune. 40 bebuarar på BBH fekk vaksinen torsdag.

– Eg har kjent mykje verre stikk enn dette. Dette var ingenting, seier Olson med eit stort smil. Ho var aldri i tvil om at ho skulle ta vaksinen.

– No er eg snart 94 år. Det er betre å ta sprøyta, for døyr eg så veit eg kva eg døyr av, og gjer eg det ikkje det så har eg han med meg eit stykke. Eg har teke alle vaksinane sidan eg var barn. Influensasprøyta fekk eg no for ein månad sidan, seier den blide 93-åringen.

Familie i utlandet

Ho var heller ikkje i tvil då ho vart spurd om det var greitt at ho var først ut, og at ho fekk avisa på vitjing. Det var berre kjekt, for då kunne familie som bur i utlandet, i England, Tyskland og Finland, også få sjå, meinte ho. Olson fortel at ho har fire barn, ti barnebarn, 12 oldebarn og to tippoldebarn.

– Eg har ein kjekk flokk med ungar, barnebarn og ikkje minst tippoldegutane. Dei er så herlege! Dei var på vitjing utanfor her, for dei hadde så lyst til å sjå oldo. Så fekk eg eit fint bilete av dei i glas og ramme, så no sit dei og ser på meg frå glaset når eg strikkar på lubber til dei, seier ho.

Vaksinene er på plass: Vaksinene kom til Bømlo kommune onsdag, og dei første vaksinene vart sette torsdag. Her ser me avdelingssjukepleiar Isabel Knutsen. Foto: Simon Sortland/Bømlo kommune

Godt humør, dans og skiskyting

Olson legg ikkje skjul på at det er tungt når ho ikkje kan gå på vitjing eller ta imot vitjingar grunna koronaen.

– No får eg ikkje søsken på vitjing heller. Men eg har det godt her og får god mat. Me har veldig kjekk betjening, og dei snakkar eg mykje med. Og så løyser eg kryssord og strikkar, fortel ho. Nyhendesendingar og vintersport følgjer ho også med på. Spesielt er skiskyting ein favoritt.

– Det er det at eg har hatt ei veldig vilje til å gå på som har hjelpt meg mykje. Og godt humør. Og eg har dansa mykje, seier ho.

Olson tykkjer koronapandemien er vondt for dei unge som har ei framtid framfor seg. Dei tenkjer ho mest på.

– Men no får me håpa at sprøyta mi hjelper, seier ho. Martha Olson og dei andre som fekk første vaksinedose torsdag skal etter planen få sin andre dose 28. januar.

– To veker etter andre dose reknar ein med at ein har opparbeidd seg immunitet mot covid-19, seier verksemdleiar Berit Nesse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk første koronavaksinen: Martha Olson (93) vart torsdag den første i Bømlo kommune som fekk vaksine mot Covid-19. Foto: Håvard Hammarstrøm

40 vaksinerte

Nesse opplyser at 40 bebuarar på BBH får vaksine denne veka. I alt er det 61 bebuarar som har takka ja til vaksine. I neste veke får resten av bebuarane sin første vaksinedose, og i løpet av februar vil alle bebuarane som har takka ja ha fått den andre dosen. Berre nokre få av bebuarane har takka nei til vaksine.

– Det er utruleg godt at me fekk vaksinane så tidleg på året. Om alt går etter planen så skal alle ha fått den andre dosen i februar. I midten av februar reknar me med å ha fullvaksinert alle bebuarane hos oss som vil ha vaksine. Det er ei lette for oss. Me har vore veldig redde for å få smitte inn, og me har klart å halde det vekke. Me er så utruleg takksame for at ingen av våre bebuarar har blitt sjuke. No kryssar me fingrane for at me held stand til alle har fått sin vaksine, seier verksemdleiaren.

Vaksinene er på plass: Vaksinene kom til Bømlo kommune onsdag. Foto: Simon Sortland/Bømlo kommune
Les også
29. smittetilfellet registrert