Vind og regn: I løpet av dagen kan det bli sterke vindkast langs kysten av Vestlandet. Det vil truleg løya til natta. Arkivfoto. Foto: Ingvild Sjo

Melder at det kan bli sterk vind i dag

Meteorologisk institutt åtvarar mot å gå ut med småbåt langs kysten av Vestlandet i dag. Det er sendt ut gult farevarsel for vind.

Vinden er meld å ta seg opp utover dagen, og det kan bli vindkast på opp mot 25 til 28 meter pr. sekund, ifølgje Meteorologisk institutt. I tillegg til å rå ifrå bruk av småbåt, ber Meteorologisk institutt også alle om å passe på å sikre lause gjenstandar. I tillegg blir det opplyst at ferjeavgangar kan bli innstilte, og at reisande kan måtte rekne med lengre reisetid enn normalt. Vinden er venta å kunne bli sterkast i indre fjordstrok, men vindkasta kan også bli kraftige langs kysten.