Politiet: Etterforskar innbrot i ein fritidsbustad på Bømlo. Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Melder om innbrot i fritidsbustad

På twitter melder politiet om innbrot i ein fritidsbustad i Urangsvåg.

Det er oppdaga innbrot i ein fritidsbustad i Urangsvågsområdet. Politiet har vore på staden og gjort åstadsundersøkingar. Det vert oppretta sak.

Det er uklart kor mykje som er stole frå fritidsbustaden, går det fram av twittermeldinga frå politiet.