Det er meld gråvêr og nedbør i helga
Det er meld gråvêr og nedbør i helga Foto: NILS-TORE SELE/ILLUSTRASJON

Mildvêr og lågare straumprisar

Dei neste dagane blir det mildt og fint vêr ifølgje Meteorologisk institutt. Samstundes melder Energi Norge om straumpris på veg ned.

Dei siste dagane har det vore eit par plussgrader på dagtid, men no skal dagtemperaturen opp. Vêrmeldingane tyder på temperaturane på dagtid kan bli rundt åtte grader i midten av denne veka, og rundt seks grader når det nærmar seg helg. Langtidsvarselet tyder i skrivande stund på opphald og ganske fint vêr dei neste dagane. Mot slutten av helga er det igjen venta nedbør, så me får nyte finvêret så lenge me kan.

Straumpris på veg ned

Ei anna gladnyhending på ein måndag er at straumprisen har gått ned den siste tida. Det har i vinter vore høge straumprisar, men tilhøyrande høge straumrekningar. I januar låg prisen på om lag 50 øre kilowattimen. I helga kunne Energi Norge melde om den lågaste straumprisen til no i år. Då var prisen pr. kilowattime 46 øre på kraftbørsen Nord Pool.

Årsaka til lågare straumpris skal vera det milde vêret som reduserer straumbruken i tillegg til nedbør og bra med vindkraft frå danske vinkraftverk. Prisen er likevel høgare enn på same tid i fjor.

Det blir gradvis stigende temperatur i#SørNorge utover uka! 🌡 Noen steder kan temperaturen stige opp mot 10 plussgrader og torsdag blir det også plussgrader høyt til fjells. Vi anbefaler rød skismøring, felle- eller rubbski fremover 🙃 ⛷pic.twitter.com/0nKytu7ljx

— Meteorologene (@Meteorologene)11. februar 2019