Yemane Teferi (58) enda sine dagar på Bømlo etter 25 år som asylsøkjar.
Yemane Teferi (58) enda sine dagar på Bømlo etter 25 år som asylsøkjar.

Minnemarkeringar fleire stader for Yemane

Yemane Teferi (56) levde 25 år på asylmottak og dei siste åra her på Bømlo. Han levde eit liv utan borgarrettar. 8. januar døydde han brått på Bømlo mottak. Torsdag vil det bli halde minnemarkering for han i Moster kyrkje.

Yemane Teferi kom til Norge som trettiåring og søkte asyl. Han fekk avslag på asylsøknaden.

Men Norge har ikkje utleveringsavtale med heimlandet hans Eritrea og han vart difor sitjande i totalt 25 år på asylmottak, som papirlaus, utan borgarrettar. Dei seinare åra på Bømlo mottak si avdeling på Skogbu.

Sist haust, då Bømlo-nytt snakka med han, levde han framleis i håpet om å kunne starta på eit verdig liv. Han var mykje trist og sleit med dårleg helse, fortalde han. Takka vera omsorgsfulle personar på Moster, vart ikkje alle dagar like og han hadde nokon å besøkja og koma heim til på julaftan og elles. Rett etter nyttår, då han skulle vera med på ein eritreisk fest på mottaket, fekk han brått eit anfall og døydde.

Yemane Teferi sitt siste ynskje var ei grav på norsk jord, men det fekk han heller ikkje oppfylt. Teferi vart send rutinemessig til obduksjon ved Gades Institutt i Bergen og i mellomtida vart det jobba med å avklara kor han skulle gravleggjast. Det er no bestemt at han skal sendast til heimlandet Eritrea, der det er slekt som vil ha han heim.

- Det har vore ei problemstilling rundt kven som rettmessig kunne representera Yemane Teferi. Men så kom me i dialog med ein ektefelle til ein tre-firmenning av han som uttrykte ynskje om å ta i mot kista og gravleggje han der nede, seier Cecilie Schjatvet, Teferi sin advokat til TV 2.

Dette tyder at kista med asylsøkjaren skal sendast til Eritrea og at rekninga for transporten truleg vil måtte takast av dei pårørande, ifølgje TV 2.

Minnemarkeringar fleire stader

- Papira er i orden for å senda båra til Eritrea. Vår jobb er berre å skaffa naudsynt dokumentasjon som gravferdsbyrået krev. Nei, det var ikkje vanskeleg å få tak i papirer frå Eritrea for å senda han heim. Norske myndigheiter betaler vanlegvis ikkje for å senda båre til utlandet, bekreftar Svein Lunde, lensmann ved Bømlo lensmannskontor

Eit gravferdsbyrå skal handtera utsendinga, truleg i samarbeid med politiet si utlendingseining og representantar frå ambassaden til Eritrea i Stockholm som dekkjer Norge. Når politiet si utlendingseining uttransporterer døde personar til heimlandet deira, pleiar ambassaden til det enkelte land å følgja transporten, ifølgje opplysningar på TV 2.

Teferi budde dei siste 17 åra på ulike asylmottak her i landet, etter at han budde åtte år på asylmottak i Sverige.

I går ettermiddag vart det halde minnemarkeringar for Yemane Teferi over heile landet etter initiativ frå Antirasistisk Senter.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er utruleg trist å sjå livet til eit menneske bli kasta vekk på denne måten. Yemane har blitt utsett for ein urett som no aldri vil bli retta opp i. Nærast eit justismord, seier Rune Berglund Steen ved Antirasistisk Senter som kjende Yemane i over ti år og slåst for hans sak.

Torsdag vil det bli halde ei minnemarkering for Yemane Teferi i Moster kyrkje ved sokneprest Aksel Lygre. Det vil mellom anna bli framført ei eritreisk bøn under markeringa.