Politiet måtte berga ein mopedist i Bømlafjordtunnelen tidlegare i dag. Arkivfoto
Politiet måtte berga ein mopedist i Bømlafjordtunnelen tidlegare i dag. Arkivfoto Foto: Håvard Hammarstrøm

Mopedtrøbbel i Bømlafjordtunnelen

Ein ung mopedførar fekk seint sundag ettermiddag stopp på mopeden sin nede i Bømlafjordtunnelen.

Mopedføraren som fekk stopp, var på veg gjennom Bømlafjordtunnelen i sørleg retning mot Sveio. Då mopeden stoppa, fekk politiet melding om hendinga, og mopedisten stilte seg i naudslusa nede i tunnelen, slik at trafikken ikkje vart hindra.

Fartsgrensa gjennom tunnelen vart sett ned fram til mopedisten vart frakta ut av Bømlafjordtunnelen, melder Sør-Vest politidistrikt på twitter.