ILLUSTRASJONSFOTO. Foto: Håvard Hammarstrøm

Mykje styr i tunnelen i dag

Høg fart og havari

Først melde vegtrafikksentralen klokka 13 at ein lastebil hadde havarert og måtte ha bilberging i Bømlafjordtunnelen. Ein halvtime seinare opna tunnelen igjen, då lastebilen var komen inn på ein siderabatt i tunnelen, men klokka 15 var det ny stenging på grunn av bilberging. Denne stenginga er rapportert til å vara i eitt kvarter, så her har det vore rask jobbing.

Etter dette kjem UP med si melding på Twitter: Klokka 18:46 målte dei to bilførarar til å køyra i 104 km/t i 80-sona i Bømlafjordtunnelen. Det vart utstedt forenkla førelegg til begge.

Les også
Så mange førarkort rauk etter passering av fotoboksane i Bømlafjordtunnelen i 2020