Økonomisjefen: Jarle Nakken er økonomisjef i Bømlo kommune Foto: Bømlo kommune

Næringslivet får utsett betalingsfrist for eigedomsskatt

Bømlo kommune vil hjelpe lokalt næringsliv som slit i motbakke etter koronavirusutbrotet. Difor blir betalingsfristen for eigedomsskatt på næringseigedom utsett til 25. juni. Privatpersonar kan søkje om utsett betalingsfrist eller oppdeling av rekninga.

For privatpersonar blir det i utgangspunktet ingen endringar. Her er betalingsfristen 20. april. Dei som er blitt permitterte, eller har mista arbeidet grunna utbrotet av koronaviruset, har likevel alternativ til betaling av eigedomsskatten i neste månad. Kommunen tek imot søknadar om betalingsutsetting til 20. juni. Ein kan også søkje om å få betale rekninga i fire like månadlege avdrag.

Krevjande tider

Økonomisjef Jarle Nakken uttaler i ei pressemelding at kommunen ser den krevjande situasjonen næringslivet står i. For mange har innstrammingstiltaka frå Regjeringa ført til stenging, redusert omsetnad og permitteringar. I ei krisetid med pandemi, kraftig redusert oljepris, redusert kroneverdi og delvis likviditetskrise vil kommunen bidra, heiter det.

– Difor set me i verk einskilde tiltak i samband med innkrevjing av eigedomsskatten, opplyser Nakken. Den nye betalingsfristen for eigedomsskatt på næringseigedom vil gå fram av rekningane som no blir sendte ut. Den nye fristen for næringslivet er altså 25. juni.