Randi Olsen
Randi Olsen Foto: Nils-Tore Sele/Arkiv

Når familiemedlemmer vert politikarar

I lokalsamfunnet er det fort slik at ein kan hamna i lojalitetskonfliktar.

Denne hausten har det vore lokalval, og både dotter mi, Lena Olsen, og bror min, Ole Johan Jensen, har stilt til val. Dei har ikkje kome inn i kommunestyret, men begge to kjem til å hamna i det same utvalet, Utval for levekår, som representantar for høvesvis Høgre og FrP. Den eine som utvalsleiar, den andre som medlem. Dotter mi er dessutan vald som 3. varamedlem i Utval for næring, innovasjon, idrett og kultur.

Når så underteikna er redaktør i lokalavisa, er ikkje dette ein heilt heldig kombinasjon.

Så er spørsmålet: Må eg trekkja meg frå jobben, eller kan eg halda fram?

Vær Varsom-plakaten har eit heilt kapittel som handlar om integritet og ansvar. Her vert redaktørar og journalistar oppfordra om å unngå dobbeltroller og bindingar som kan skape interessekonfliktar eller føre til spekulasjonar om inhabilitet. Me vert også oppfordra også til å vise openheit om bakanforliggjande forhold som kan vere relevante for publikum si oppfatning av det redaksjonelle innhaldet.

Difor vel eg å vera open om dette. Fortelja folk på Bømlo at det er slik.

Samtidig skal folk og politikarar vita at redaktøren ikkje vil dekka dette utvalet, og ikkje under noko omstende blanda seg i arbeidet til den journalisten som får ansvar for å dekka utvalet.

Det seier seg også sjølv at underteikna ikkje vil skriva om sine eigne.

Det er ikkje alltid så lett i lokalsamfunnet med roller, og dette er ikkje ein draumesituasjon, men no er det opp til meg og Bømlo-nytt å visa at me ikkje blandar rollene våre, og klarer å dekka politikken på Bømlo på skikkeleg vis.

Integriteten til avisa er viktig og dette skal vi klara, det er eg trygg på!

Eg viser til Vær varsom-plakatens § 2.3:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Vis åpenhet om bakenforliggende forhold som kan være relevante for publikums oppfatning av det journalistiske innholdet».

Dette punktet er også aktuelt:

VVP § 2.2 Redaktøren og den enkelte redaksjonelle medarbeider skal verne om sin uavhengighet, integritet og troverdighet. Unngå dobbeltroller, verv, oppdrag eller bindinger som kan skape interessekonflikter eller føre til spekulasjoner om inhabilitet.

Randi Olsen,

redaktør Bømlo-nytt