STØ KURS FOR FISKERIHAMN: Dåverande skipssjef Ståle Vorland, her om bord på KV «Bergen». Arkivfoto. Foto: Håvard Hammarstrøm

– No gjeld det å visa at me bryr oss om fiskerihamn

Under promoteringa av Bømlo Fiskerihavn torsdag skal over 40 politikarar og næringslivstoppar frå regionen møtast, men mest av alt ønskjer Ståle Vorland folk flest velkomne til markeringa på Langevåg.

– Eg håpar bømlingane kjenner si vitjingstid no, fordi mykje står på spel og me har mykje å henta på å få fiskerihamn til regionen vår, seier styreleiaren. Det blir lagt store ressursar i å få markeringa til, og målet er ei promotering som viser att både regionalt og nasjonalt.

Grafikk som viser planane for Bømlo fiskerihavn ved Hovlandshagen på Langevåg.

– No har me halde på og reist til Oslo og møtt enkeltpersonar for å fremja fiskerihamnsaka, så no er tida inne for å samla folk her heime, seier Vorland.

Les også
Fridde til kommunestyret

Då tenkjer han ikkje berre på Bømlo, men på heile regionen. Ordførarane i Stord, Tysnes, Fitjar, Karmøy og Haugesund er på gjestelista. Det same er investorar og leiarar innan fiskeri og andre næringar. Her er òg fem stortingsrepresentantar påmelde, og Terje Søviknes som er gruppeleiar i fylkestinget og Bård Sandal som er fylkesdirektør.

Kystsonglaget om bord på «Solbjørg» song og spelte til glede for publikum på land.

Kystsonglaget underheld

Som underhaldning i notbøteriet i Hovlandshagen vert det tramp, tull og trall mellom naust og not. Dette er mottoet til trioen Kystsonglaget som har ramsalte vestlandske slagerar på repertoaret. Me snakkar om Åsmund Nesse, Geir Ersland og Hans Olav Molde.

Nye «Bømmelfjord», «Bømmelbas» og «Elisabeth». Desse fiskebåtane og fleire til skal vera med under markeringa torsdag. Arkivfoto: Nils-Tore Sele.

Fiskerinæringa i fokus

Fiskeflåten i regionen har høve til å visa fram ressursar og styrke denne dagen, men her har ikkje Ståle Vorland oversikt over deltakinga enno. Dei han i alle fall kan nemna no, er «Lønningen», «Lønnøy», «Elisabeth», «Bømmelhav», «Bømmelfjord». Han har tru på at hendinga vil skapa ei samkjensle for næringa, og at mange skal få augo opp for kor framtidsretta Bømlo fiskerihamn er, med sine ringverknadar. Ein havgåande trålar vil henta gjester på Leirvik i lunsjtid torsdag, og turen er rekna å ta halvannan time, og ved framkomst startar markeringa i Langevåg. Det er sett opp buss tilbake til Leirvik etter markeringa.

– Me veit dette er i arbeidstida for folk, men me håpar likevel at folk har høve til å visa støtte, seier styreleiar Ståle Vorland som inviterer i samarbeid med ordførar Sammy Olsen alt som kan krypa og gå.

Les også
Fiskerihamnselskapet på sjarmoffensiv i Oslo