Overskot av vaksinar: Karmøy kommune tilbyr bømlingar som ønskjer å raskare vaksinering å ta vaksine der. Arkivfoto. Foto: Ill.foto

No kan du bli vaksinert på Karmøy

Karmøy kommune opnar for at bømlingar som ønskjer raskare vaksinering kan tinge vaksine mot covid-19 der.

Det går fram av nettsidene til Bømlo kommune. Bakgrunnen for dette er at Karmøy kommune har overskot av vaksinedosar.

— Dei som ønskjer vaksine snarast råd kan bestille vaksinasjonstime på Karmøy kommune si nettside, heiter det. Ein må altså tinge time på førehand via nett. Det er ikkje drop-in.

Som Bømlo-nytt har fortald tidlegare er det no vaksinering av personar i alderen 18—24 og 40—44 år her på Bømlo, men snart startar også vaksinering av den siste aldersgruppa, som er 25—39 år.

Les også
Smittestatus i regionen
Les også
Smittekjelda er ukjent