FORSØKT FJERNA: Veit du kven som kjøpte svart spraylakk og drog til Goddo laurdag 30. mai? Foto: privat

Nokon har spraya over bokstavane

Skiltet til Skinnhueneset er nok ein gong sabotert. No vert saka meld til politiet.

Laurdag føremiddag skal det ha lukta spraylakk i krysset der Katlavegen deler seg og går mot Skinnhueneset på Goddo. Eit vitne observerte i same stund at dei påmåla bokstavane hadde fått eit lag med svart lakk slik at dei berre såvidt er synlege. Oppsitjarane på Skinnhueneset kjenner seg saboterte og synest situasjonen er utriveleg.

Til saman har det dei siste åra forsvunne fem vegskilt med Skinnhueneset på, og det er ikkje kome inn tips om saka til avisa enno.

Leiar av teknisk drift, veg, park og byggvedlikehald i Bømlo kommune, Vardan Vardanyan, opplyser at saka har ikkje vore politimeld før, men vil bli det no. Saka er difor løfta til rådmannsnivå, men her var det ikkje høve til å få kommentar torsdag.

NYMALT RETT PÅ BERGET: Kortsiktig løysing, viste det seg. Foto: Ingvild Sjo
Her siste utgåve som vart stole 8. mai 2020. Foto: Ingvild Sjo
Les også
På sporet av mystiske skiltforsvinningar