annonse

NRK 40 år på Stord

Ordførarvitjing
Ordførarvitjing: Stord-ordførar Gaute Straume Epland og Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll blir intervjua på direkten (Foto: NRK Hordaland)
Kakefeiring
Kakefeiring: Øyvor Bakke, Marte Rommetveit og Siv Fossåskaret (Foto: NRK Hordaland)

I januar feira NRK Hordaland 40-årsjubiléet for kontoret sitt på Leirvik.

Håvard Hammarstrøm

Det var dåverande kringkastingssjef Torolf Elster som opna NRK-kontoret på Leirvik på Stord for 40 år sidan. Jubiléet vart markert ved at heile ettermiddagssendinga «Hordaland i dag» vart lagt til Stord kulturhus. Lenge var det nettopp her Stord-kontoret heldt til.

– I tillegg til til lokalreporter Marte Rommetveit, vert Øyvor Bakke og Siv Fossåskaret programleiarar for sendinga. Sistnemnde er blant dei som har jobba ved kontoret, skriv NRK Hordaland i ein e-post til Bømlo-nytt.

Kakefeiring

Jubiléet vart feira med kake og gjenhøyr med opningstalen som kringkastingssjefen heldt i 1979. I tillegg vart det mimring med tidlegare NRK-røyster som har jobba ved Stord-kontoret.

– Me vil og diskutera framtida til Sunnhordland saman med ordførarar, yngre krefter og andre profilar i distriktet. Det vert og Klassequiz med tiandeklassingar frå Rosendal, heiter det. Sendinga varer altså til klokka 1700, så i skrivande stund er det framleis høve til å få med seg slutten av jubileumssendinga.

– For NRK Hordaland er Sunnhordland ein viktig region, og me er stolte av at kvar fjerde sunnhordlending lyttar til NRK Hordaland dagleg.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.