Stord-ordførar Gaute Straume Epland og Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll blir intervjua på direkten
Stord-ordførar Gaute Straume Epland og Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll blir intervjua på direkten Foto: NRK Hordaland

NRK 40 år på Stord

Måndag ettermiddag feirar NRK Hordaland 40-årsjubiléet for kontoret sitt på Leirvik.

Det var dåverande kringkastingssjef Torolf Elster som opna NRK-kontoret på Leirvik på Stord for 40 år sidan. Jubiléet vart markert ved at heile ettermiddagssendinga «Hordaland i dag» vart lagt til Stord kulturhus. Lenge var det nettopp her Stord-kontoret heldt til.

– I tillegg til til lokalreporter Marte Rommetveit, vert Øyvor Bakke og Siv Fossåskaret programleiarar for sendinga. Sistnemnde er blant dei som har jobba ved kontoret, skriv NRK Hordaland i ein e-post til Bømlo-nytt.

Kakefeiring

Jubiléet vart feira med kake og gjenhøyr med opningstalen som kringkastingssjefen heldt i 1979. I tillegg vart det mimring med tidlegare NRK-røyster som har jobba ved Stord-kontoret.

– Me vil og diskutera framtida til Sunnhordland saman med ordførarar, yngre krefter og andre profilar i distriktet. Det vert og Klassequiz med tiandeklassingar frå Rosendal, heiter det. Sendinga varer altså til klokka 1700, så i skrivande stund er det framleis høve til å få med seg slutten av jubileumssendinga.

– For NRK Hordaland er Sunnhordland ein viktig region, og me er stolte av at kvar fjerde sunnhordlending lyttar til NRK Hordaland dagleg.

Øyvor Bakke, Marte Rommetveit og Siv Fossåskaret
Øyvor Bakke, Marte Rommetveit og Siv Fossåskaret Foto: NRK Hordaland

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no