Stord sjukehus: Arkivfoto Foto: Grethe Kjøsnes

Ny koronapasient til Stord sjukehus

Helse Fonna melder søndag kveld om ein ny pasient som er lagt inn på Stord sjukehus med covid-19.

Det går fram av ei pressemelding frå helseføretaket. Også denne pasienten er i aldersgruppa 18–64 år.

– Dette er den andre pasienten med covid-19-smitte som er innlagt på Stord sjukehus i løpet av helga, og den tredje i Helse Fonna. Laurdag kom det ein pasient med covid-19 til Stord sjukehus, og ein vart innlagt på Odda sjukehus. Alle pasientane er vaksne, i aldersgruppa 18–64 år, og ingen av dei får intensivbehandling, blir det opplyst.

Som Bømlo-nytt fortalde tidlegare i dag har Helse Fonna bestemt seg for å stengje Stord sjukehus for vitjande inntil vidare.

– Grunngjevinga er den store auken i talet på smitta personar i Stord kommune dei siste dagane.

Les også
Stord sjukehus stengt for vitjande
Les også
Koronapasient innlagt på Stord sjukehus
Les også
Ber ungdom halde seg heime
Les også
Besøksforbod innført på Bømlo bu- og helsesenter etter påvist tilfelle av covid-19