KOMMUNEOVERLEGE: Kjersti Follesø er kommuneoverlege på Bømlo. Foto: Nils-Tore Sele

Ny koronasmitte ikkje registert på Bømlo

På folkehelsa sine statistikkar er det meldt inn eit nytt tilfelle av koronasmitte på Bømlo. Det er ukjent for kommuneoverlegen.

– Det er ukjent for oss at det er registrert eit nytt tilfelle av koronasmitte på Bømlo, seier kommuneoverlege og smittevernlege Kjersti Follesø til Bømlo-nytt.

ANNAN KOMMUNE: Follesø meiner registreringa kan handla om ein bømling som no bur i ein annan kommune. Foto: Camilla Hovstø

Kommuneoverlegen vil sjekka meir opp i dette, men meiner at årsaka kan vera at det er ein bømling som no bur i ein annan kommune denne meldinga gjeld. Ho opplyser at melding vil bli lagt ut på kommunen sine heimesider.

Sist smittetilfelle var i mai

– Slike tilfelle blir då meldt inn til folkehelsa, men det er ikkje registrert eit nytt smittetilfelle her i kommunen, seier Follesø til Bømlo-nytt.

Sist kjente smittetilfelle på Bømlo, vart rapportert 2.mai. Fem registrerte koronatilfelle er rapportert inn frå Bømlo sidan mars.

Også for Stord er det meldt inn eit nytt tilfelle. Det er det åttande for nabokommunen vår, om opplysningane stemmer.

Meldingane om nye smittetilfelle på Bømlo og på Stord, er basert på VG sin koronastatistikk.

Fleire grunnar for ulik rapportering

I ei pressemelding skriv Bømlo kommune at VG hentar sine data direkte frå Folkehelseinstituttet (FHI) sitt meldingssystem for smittsame sjukdomar (MSIS), som er det offisielle registeret for tal koronasmitta i Norge.

Tala frå MSIS kan avvika frå kommunen sine eigne tal.

VG opplyser at grunnar til at MSIS-tala kan avvika frå kommunen sine eigne tal kan vere:

• Registreringar i MSIS baserer seg på folkeregistrert adresse. I nokre tilfelle kan den smitta opphalde seg, og få behandling, i ein annan kommune enn der vedkomande er folkeregistrert. Det kan t.d gjelde studentar. Heimkommunen vil ikkje nødvendigvis vite om desse tilfella, sjølv om det er registrert på deira kommune i MSIS.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Personar utan fødselsnummer registrerast i kommunen prøven er rekvirert frå. Dette kan vere ei kjelde til at tilfelle vert registrert i ein annan kommune enn den dei eigentleg oppheld seg i, og kvar dei vert følgt opp.

• FHI opplyser også at det kan vere nokre få andre tilfelle der smitte kun varslast til MSIS, og ikkje kommunelegen.

• Om kommunen melder om fleire tilfelle enn VG på sine heimesider, er det anten grunna tilfella ikkje er registrert i MSIS, eller er registrert der på ein annan kommune.