Utøvarane startar på motbakkeløpet.
Utøvarane startar på motbakkeløpet. Foto: Carina Wangensten

Ny løyperekord - Siggjodilten

I strålande vêr sprang dei til toppen av Siggjo, 474 meter over havet. Nora Markhus imponerte, då ho slo til med ny løyperekord.

Andre pinsedag var det klart for Siggjodilten. Nokre av deltakarane valde å gå opp. Dei byrja allereie klokka elleve. Klokka eitt var det klart for motbakkeløp. Sjølv om det hadde regna tidlegare på dagen, var vêret no flott for utøvarane. Overskya, passe varmt og opphald.

I alt var det kring 120 som møtte opp. Av dei var 42 møtt opp for å springa motbakkeløpet. I herreklassen var det Thomas Finshus som kom først i mål. Han sprang opp på tida 15:44. Etter han kom Rune Knutsen, 16:54 og Bjørn Kjetil Sørvik 18:28. I dameklassen var det Nora Markhus som imponerte med tida 17:37. Etterfulgt av Marit Agasøster, 19:40 og Katrine Tvedt Lavik, 21:47. 

Arrangørane var overvelda over oppmøtet. 

- Det vart litt hektisk grunna stort oppmøtet, men det var utruleg kjekt at så mange kom, seier Vidar Sæverud. 

Etter motbakkeløpet var det klart for premieutdeling. Først fekk vinnarane, Finshus og Markhus, overrekt vandrepokalane og kvar sin premie. Etterpå var det loddtrekning. Her hadde alle som deltok på Siggjodilten moglegheit å vinna. 

Vesle Haakon Cornelius Hagen Lindaas kom heilt frå Haugesund for å vera med på Siggjodilten. Etterpå fekk han trekka ut ein heldig vinnar i loddtrekkinga.
Vesle Haakon Cornelius Hagen Lindaas kom heilt frå Haugesund for å vera med på Siggjodilten. Etterpå fekk han trekka ut ein heldig vinnar i loddtrekkinga. Foto: Carina Wangensten
Vidar Sæverud gratulerte Nora Markhus med ny løyperekord i kvinneklassen.
Vidar Sæverud gratulerte Nora Markhus med ny løyperekord i kvinneklassen.
Då dei kom ned att venta loddtrekking og premieutdeling.
Då dei kom ned att venta loddtrekking og premieutdeling. Foto: Carina Wangensten
44.
44. Foto: Helene Sævarud
På toppen venta ein god heiagjeng å venta på løparane som kom i mål.
På toppen venta ein god heiagjeng å venta på løparane som kom i mål. Foto: Helene Sæverud
Etter løpet samla alle seg på parkeringsplassen. Her kunne dei kjøpa seg frukt, kake og brus.
Etter løpet samla alle seg på parkeringsplassen. Her kunne dei kjøpa seg frukt, kake og brus.
Alle deltakarane stiller seg opp på startstreken. Heidi Sæverud stod for startskuddet.
Alle deltakarane stiller seg opp på startstreken. Heidi Sæverud stod for startskuddet.
37.
37. Foto: Carina Wangensten