LAT STÅ: Utan skilt er det lett å gå seg vill på Goddo. Foto: Ingvild Sjo

Nytt skilt montert igjen

Det nye skiltet som viser veg til Skinnhueneset skal bli vanskeleg å stela.

– Me hadde bestemt oss for å sikra at dette skiltet vil ingen stela igjen, seier Vardan Vardanyan, leiar ved teknisk drift i Bømlo kommune.

I mai 2018 forsvann vegskiltet, nytt kom opp i august 2018, men berre for å bli stole igjen i juni 2019. Eitt halvt år etter er endeleg skiltet som viser veg til Skinnhueneset på plass igjen, denne gongen større, og i ei solid utgåve.

Les også
Kven vil ste­la Skinn­hue­ne­set?

Med doble skiltplater montert på to bein bora fast i fjell står det nye skiltet stødig i vegkrossen Katlavegen – Skinnhueneset.

Vardanyan har ikkje opplevd problem med tjuveri av vegskilt andre stadar på Bømlo enn på Skinnhueneset, men her er det til gjengjeld ein gjengangar.

– Men no håpar me det ikkje blir stole igjen, melder teknisk drift.

Les også
Nytt skilt på plass