Fleire blir testa: Illustrasjonsfoto. Foto: Håvard Hammarstrøm

Nytt smittetilfelle av korona på Bømlo

Onsdag ettermiddag testa ein person positivt på Covid-19. Personen er i isolasjon.

– I går ettermiddag fekk me melding om at ein person har testa positivt på Covid-19. Vedkomande er i isolasjon og nærkontaktar er i karantene. Det er ingen risiko for smittespreiing, melder smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

Prøven vart teken rutinemessig i samband med arbeidsoppdrag. Personen er innleigd frå utlandet til ei lokal verksemd og har vore i karantene sidan han kom til Bømlo, i tråd med gjeldande retningsliner.

– Me ber lokale verksemder om å vera ekstra merksame på desse rutinane framover, og det er noko kommunal kriseleiing også har høgt oppe på si sakliste, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. .