Testing: Teststasjonen ved gamle Bremnes ungdomskule. Foto: Bømlo kommune Foto: Simon Knutsson Sortland

Nytt smittetilfelle påvist på Bømlo

Bømlo kommune melder om eit nytt smittetilfelle av covid-19.

Den positive testen vart meld inn sundag, opplyser Bømlo kommune på Facebook.

– Det gjeld ein arbeidsinnvandrar som er i karantene. Ingen nærkontaktar, opplyser kommunen.

Ein pasient på sjukehus

Pr. måndag denne veka var det ein person med påvist covid-19 innlagt på sjukehus i Helse Fonna. Personen, som er innlagt på Haugesund sjukehus, får ikkje intensivbehandling.

I alt seks av rundt 4.000 medarbeidarar i Helse Fonna er no ute i koronarelatert fråvær.