Bu- og helsesenteret: Det er innført besøksforbod på Bømlo bu- og helsesenter som følgje av av det siste tilfellet av koronasmitte på Bømlo. Foto: Håvard Hammarstrøm

Besøksforbod innført på Bømlo bu- og helsesenter etter påvist tilfelle av covid-19

Bømlo kommune melde fredag kveld at ein elev som hadde praksis på Bømlo bu- og helsesenter har fått påvist covid-19. Det er no innført mellombels besøksforbod på institusjonen.

– Pårørande ved den aktuelle posten blir informert, og alle som kan ha blitt utsette for smitte blir kontakta av kommunen sitt smittesporingsteam, testa og sette i karantene. Det gjeld både pasientar og tilsette, melde Bømlo kommune fredag kveld.

Som resultat av dette blir det også sett i verk mellombels besøksforbod ved institusjonen. Besøksforbodet vil gjelde fram til det kjem svar på prøvene, og ein har oversikt over situasjonen, heiter det. I første omgang gjeld besøksforbodet ut kommande måndag, 26 oktober.

– Tilfellet på Bømlo har relasjon til smitteutbrotet på Stord, og me oppmodar alle til å avgrense sosial aktivitet den næraste tida, halde seg heime ved symptom og ha låg terskel for å ta kontakt med koronasenteret, skriv kommunen i pressemeldinga.