Manglar pass: Mange i vårt politidistrikt manglar gyldige pass. Illustrasjonsfoto/Arkivfoto. Foto: Yngve Johnsen

Over 50.000 personar i Sør-Vest har ugyldige pass

— Drygt 50.000 innbyggjarar i vårt distrikt har pass som har gått ut på dato.

Det seier innføringsansvarleg for nye pass og ID-kort i Sør-Vest politidistrikt, Kjetil Optun. Han ser at mange vel å vente med fornying til dei skal reisa utanlands, men Optun strekar under at det då er fare for å ikkje få nytt pass i tide.

Stort etterslep

Årsaka til det er at etterslepet no er såpass stort, og at så mange treng å fornye passet sitt. Difor oppmodar politiet stadig innbyggjarane om å fornye pass som har gått ut på dato, og det sjølv om dei ikkje skal på reise i nær framtid. Nokre har vald å følgje oppmodinga, men etterslepet er altså framleis stort.

Ei viktig årsak til at etterslepet har blitt større den siste tida er mindre trong for å reisa utanlands under pandemien.

— Etter kvart som verda opnar meir opp vil dette endra seg. Fleire ønskjer å reisa, og då er det viktig at reisedokumenta er i orden. Sør-Vest politidistrikt tilbyr pass og ID-kort ved sju ulike lokasjonar. Ein bør sjekka både eige pass og barna sine pass i dag, og tinge time for å unngå unødige utfordringar. Det er også viktig å hugse på at gyldig pass eller nasjonalt ID-kort i dag er påkravd ved trafikkstasjonen, dersom ein skal ha førarkort, forklarer Optun.

Lurt tidspunkt

Å tinge time til fornying av pass rett før dei typiske ferietidene, som juleferie, vinterferie, påskeferie og sommarferie, er sjeldan smart. Det er då pågangen er størst. På denne tida av året er det normalt rolegare. Det stadfestar også Optun.

— Dei fleste av våre passkontor har mange ledige timar no. Dersom ein vel å venta til over nyttår er det ikkje gitt at situasjonen er den same, poengterer han. Dei som søkjer om nytt pass eller nasjonalt ID-kort lyt ta med seg det gamle passet, sjølv om det er gått ut på dato.

— Du får ikkje søkt om nytt pass eller ID-kort dersom du ikkje har det med. Dette gjeld også dersom du søkjer om pass eller ID-kort til barnet ditt, står det i pressemeldinga frå politiet.

Dumt å gamble på naudpass

Nokre tenkjer gjerne at det berre er å skaffe seg naudpass dersom ein ikkje klarer å skaffe seg gyldig pass i tide. Det seier Optun er ein dårleg idé. For det første er ein ikkje garantert å få naudpass, og for det andre er det ikkje alle stader ein godtek naudpass.

— Det er nokre land som ikkje godtek naudpass ved innreise. Det er heller ikkje alle som får godkjent søknaden om naudpass. Døme på avslag er dersom ein har fått to naudpass i løpet av dei siste fem åra, eller at ein har mista eit naudpass eller ikkje har levert det tilbake etter reisa. Å basere seg på naudpass kan med andre ord vere risikosport, strekar Optun under. Han legg til at eit ordinært pass ikkje lenger er gyldig dersom ein får tildelt eit naudpass. Det vil med andre ord seie at om har ein har fått naudpass så må ein uansett søkje om nytt pass.

Les også
Har ikkje fått oppklart rådhustjuveriet
Les også
Mykje mobilbruk bak rattet: Politiet skriv bøter så blekket sprutar
Les også
Politiet til foreldre: Ungar ringjer 112 frå mobilar utan SIM-kort