Karantene: Smittevernlegen oppmodar alle om å ha låg terskel for å halde seg heime, og for å testa seg. Foto: Inger Tverborgvik

Overheldt ikkje karantenereglane ved innreise

Personen som fekk påvist korona laurdag 21. november, hadde ikkje overhalde karantenereglane ved innreise.

– Me følgjer opp situasjonen nøye, men innfører ikkje nye tiltak førebels, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter i Bømlo kommune.

Vedkommande hadde ikkje hatt symptom.

– Før melding om smitta vart kjend var vedkommande på treningssenteret Sky Fitness fredag 20. november, i tidsrommet 17.30-19.00. Fleire nærkontaktar har no symptom og situasjonen er uavklart, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø.

Smittesporingsteamet i Bømlo arbeidar no med å kartleggja og kontakta alle som var på treningssenteret i det aktuelle tidsrommet, og eventuelle andre nærkontaktar. Dei vil då bli kalla inn til testing.

– Dersom du mistenkjer at du kan vere nærkontakt bør du setje deg sjølv i karantene. Dersom du ikkje vert kontakta i løpet av dagen i dag, kontakt Bømlo koronatelefon 53 42 30 01 i morgon for testing, skriv Bømlo kommune i ein pressemelding.

Smittevernlege oppmodar alle om å ha låg terskel for å halda seg heime, og for å testa seg.

– Sjølv ved milde symptom, oppmodar Follesø.

– Bømlo kommune innfører ikkje nye tiltak førebels, men følgjer situasjonen nøye, seier kommunedirektør Aga Gjøsæter.

Kommunedirektøren minner alle om kor viktig det er at alle er ekstra påpasselege med å følgja smittevernråda og dei nasjonale retningslinjene framover.

– Vask hender

– Hald avstand

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ha færrast mogeleg nærkontaktar

– Hald deg heime om du er sjuk